Korleis vise solidaritet med eit Cuba i krise?

Publisert Sist oppdatert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Cubansk TV hadde den 20. april nyheitsoppslag om solidaritet frå Noreg i ei krevjande tid. Dei omtala medisinsk hjelpesending frå Noreg til Santiago de Cuba koordinert av Normisjonen. Dette er viktig hjelp til eit Cuba som er i krise. Kor mykje anna hjelp går til Cuba nå? USA har terrorlista Cuba, og det er sanksjonar på dei som samarbeider med landet.

All merksemd og diskusjon omkring kva som skjer på Cuba nå, er av det gode, tenker eg. Derfor er det interessant å lese alle slags meiningar om situasjonen på Cuba.

«Mye å lære av Cuba», skriv Ane Hoel i lesarinnlegg i Dag og Tid den 21. april. Ho underskriv som vara til styret i Cubaforeningen i Norge. Eg lurer på følgjande: Er Cubaforeningen i Norge – styresmaktene på Cuba sin forlenga arm i Noreg?

Det er to grunnar til at eg skriv dette. Det eine er lesarinnlegget som er utan kritisk perspektiv på kva som skjer på Cuba nå. Det andre er at eg for ei tid sidan blei akseptert som medlem i Facebook-gruppa til Cubaforeningen. Det første eg gjorde, var å skrive eit lesarinnlegg i gruppa. I innlegget skreiv eg at det er viktig å arbeide for å få slutt på USA sin Cuba-boikott, vidare spurde eg om nokon hadde kjennskap til kritiske diskusjonar på Cuba, og eg oppmoda også folk til å lese Ståle Wig si bok Havanna Taxi. Lesarinnlegget blei sensurert og dermed ikkje publisert.

Eg skreiv eit nytt innlegg og spurde etter den redaksjonelle lina i Cubaforeningen, om kva innlegg dei aksepterer og ikkje. Også dette innlegget blei sletta. Deretter melde eg meg ut av Cubaforeningen si Facebook-gruppe.

På valdagen for ny nasjonalforsamling i Cuba den 26. mars var eg saman med to andre frå Universitetet i Stavanger i Havanna. I Norpart prosjektet «Cuban and Nordic Welfare» (2019–2024) samarbeider vi med Universitetet i Havanna. 76,6 prosent av dei 11,1 millionar innbyggarane på Cuba stemte ved valet. På ein pressekonferanse etter valet stilte journalistar spørsmål som: «Utanlandske røyster seier at valet ikkje har gått rett for seg.» Kvinna som representerte styresmaktene sa at dei var tilfreds med valet, og at alt hadde gått rett for seg.

På ein middag med våre samarbeidspartnarar på Cuba sa eg at det er rart at her på Cuba har ein pressekonferanse der temaet er om valet har gått rett for seg. I Noreg er det utenkeleg at det blir arrangert ein pressekonferanse der den sida ved valet blir tematisert. Eg veit ikkje kva som er rette tal. Men vi møtte mange som ikkje skulle stemme. Folk som har eit stort engasjement for landet sitt, sa at dette valet hadde vore svært vanskeleg, og det var deira protest mot situasjonen å ikkje stemme.

Vi «bombarderte» taxisjåførar med spørsmål. Det at det er politiske fangar i landet, viser at cubanarane har innskrenka ytringsfridom. Likevel snakka dei. Ein kvinneleg taxisjåfør skulle ikkje stemme og hadde omfattande kritikk på mange områder. Det var sårt at det einaste barnebarnet hennar nå ville, var å kome seg til USA. 3 prosent av folket drog frå Cuba i fjor. Ungdom dreg til USA. Det er krise på mange område i landet. Ho såg inga framtid. For første gong har eg opplevd ein taxisjåfør som starta å gråte. Eg blei så tatt av heile situasjonen at eg gret med henne.

Situasjonen på Cuba er fortvila. Det er fattigdom og mangel på varer. Folk er i ferd med å miste trua på framtida. Mange seier at situasjonen kanskje er verre i dag enn i «den spesielle perioden» på 90-talet då det blei økonomisk krise etter at Russland trekte seg ut. Då hadde ein Fidel Castro som gav folk visjonar og tru på at dei kunne klare dette.

Kor ligg håpet på Cuba i dag?