JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Korleis vart KrF på Stortinget eit sørvestlandsparti i 2017?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4057
20181207
4057
20181207

Politikk

Når utfallet av striden i KrF er blitt forklart, har det ofte blitt vist til at partiet er eit sørvestlandsparti. Det vert illustrert ved at partiet på Stortinget berre er representert i fylka frå Telemark til Møre og Romsdal, og med to representantar frå Vest-Agder.

Denne representasjonen er ikkje eit enkelt resultat av dommen frå veljarane. Han er ikkje berre uttrykk for partiets styrke i dei ulike delane av landet. Han er vel så mykje eit resultat av ein detalj i fylkesfordelinga av utjamningsmandat som dei færraste kjenner til.

Ved Stortingsvalet i 2017 fekk KrF åtte mandat. Tre vart valde direkte frå Vest-Agder, Rogaland og Hordaland. Desse representantane er heilt ut valde som følgje av at partiet står sterkt på Sør- og Vestlandet. Fem vart valde som utjamningsmandat basert på KrFs stemmetal i heile landet. Når det vart åtte mandat totalt, talde røystene i alle fylke likt og røystene i Hedmark og Finnmark var like viktige som røystene i Aust-Agder og Hordaland. Gjennom eit reknestykke der fylkesresultata til alle parti som vinn utjamningsmandat er med, fekk KrF tildelt mandat frå Telemark, Aust- og Vest-Agder, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Dermed vart representasjonen frå Sør- og Vestlandet, sjølv om mange av røystene til partiet kom frå andre delar av landet.

Fordelinga av utjamningsmandat på fylke vert fastsett ut frå ein tabell for alle parti og fylke. Tabellen syner kor stor del av eit ekstra mandat fylkespartia har røyster til. Fylkespartiet som er nærast eit mandat, vinn, og dei andre tala for dette fylket kan ein då sjå bort frå. I tur og orden gir det største talet eit utjamningsmandat, og når eit parti har fått alle sine, kan ein også sjå bort frå dette partiet i alle fylke. KrF og Venstre var i 2017 dei minste partia i utjamninga. Dei var små jamt over og fekk utjamningsmandata sine sist. Faktisk fekk desse partia berre peika ut eitt utjamningsmandat kvar før dei andre partia hadde fått peika ut alle sine. Dei sju siste kåringane var altså til KrF og V.

Partifordelinga av utjamningsmandata tek utgangspunkt i kor dårleg partia er representerte direkte frå fylka, men dette vert ikkje trekt med vidare når mandata vert plasserte i fylka. Såleis fekk KrF utjamningsmandat nr. 1, 4, 8, 11 og 18, medan dei vart fordelte til fylka som mandat nr. 5, 13, 14, 16 og 18. I motsett ende er Høgre. Partiet fekk mandat nr. 13, 15 og 17, og dei vart fylkesplasserte som nr. 1, 6 og 7. Det vil typisk vere dei største partia som får betre prioritering i fylkesfordelinga.

Det ville ikkje vore urimeleg om utpeikinga til fylke gjekk i same rekkjefølje som partia vinn mandat i utjamninga. Hadde utjamningsmandata blitt fylkesfordelte i same rekkjefølje som dei vart partifordelte, ville KrF i 2017 fått utjamningsmandat frå Møre og Romsdal, Oslo, Akershus, Østfold og Sogn og Fjordane. Då ville KrF hatt tre representantar frå det sentrale Austlandet, og partiet ville stått fram som mykje meir av eit nasjonalt parti enn det gjer no. KrF vart altså eit sørvestlandsparti på grunn av regelen for fylkesfordeling av utjamningsmandata.

No arbeider eit utval med framlegg til mogelege endringar i valordninga. Geografisk representasjon er og vil vere viktig i den norske valordninga. Korleis ein skal forme ut reglane, og kva vekt ein skal leggje på at partia med dårleg representasjon i fylka skal sikrast representasjon i samsvar med eigen styrke, må utvalet drøfte. Ettersom ein skal ta omsyn til både partirepresentasjon og geografisk representasjon, finst det ingen enkel regel som tek vare på alle omsyn.

Poenget her er det er ein litt tilfeldig regel som har gjort KrF på Stortinget til eit reint sørvestlandsparti. Den alternative fordelinga ville gitt ei heilt anna stortingsgruppe for KrF. Mellom anna ville Kjell Ingolf Ropstad ikkje vore på Stortinget, medan Hans Olav Syversen framleis ville ha vore der. Om dette ville hatt noko å seie for utfallet i striden i KrF, får andre eventuelt spekulere på.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis