Matkultur
Korleis steike lam?
Korleis mor mi og andre gode kokker gjennom generasjonar har fått gjennomsteikt kjøt til å verke saftig og smake godt, har eg aldri forstått. Eg får det ikkje til. Sist helg vart lammekjøtet eg grilla litt for lenge, godt på smak, men kompakt og tørt.
Eg stør difor matglade Dagfinn Nordbø i Dag og Tid nr. 17 og nærer ein viss skepsis til Lars Nyre sin kritikk av Nordbø veka etter. Sjølv om Nyre har eit poeng om «alt det nymotens fjolleriet» me ofte les om i matspalter for tida, smakar lammekjøt langt betre om det ikkje vert steikt for lenge.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.