Konservativ militant islamisme, eit hinder for fred

Publisert

I Dag og Tid 3. november har Håvard Rem ein svært interessant og opplysande artikkel om Hamas og det islamistar kallar martyrar. Det hadde vore kristne martyrar i hopetal i fleire hundre år før Muhammed vart fødd. Desse miste livet av di dei ikkje ville gje opp den kristne trua. Islamske «martyrar» får denne statusen om dei misser livet i jihad, heilag krig, når dei prøver å tvinga islamismen på andre.

Det arabiske folket i Gaza har hatt det spesielt ille etter at Hamas tok makta for om lag 17 år sidan. For konservative islamistar er det ei religiøs plikt å utsletta den «vantruande» staten Israel, som er komen på det dei meiner er islamsk jord. Området hadde i mange hundre år vore ein utkant i fleire islamske rike, sist under det tyrkiske storriket i 400 år fram til 1917.

Både PLO/Fatah og Hamas har som eksistensgrunnlag og nedskrivne føremål å utsletta Israel. Hamas sitt charter er tydelegast, og båe er tilgjengelege på nettet.

Hamas har i desse åra sendt stadig nye byer med rakettar mot sivile menneske i Israel. Israel har bygd ut tilfluktsrom, varslingssystem og Iron Dome, som har greidd å plukka ned dei fleste rakettane. Når Israel har sett seg tvinga til å stoppa Hamas, har dei prøvd å spara dei sivile. Dette er vanskeleg når Hamas brukar sivile som skjold.

For Hamas-leiarane er det også tilfluktsrom, mellom anna under Shifa-sjukehuset og i det omfattande tunnelsystemet Hamas har prioritert bygginga av medan økonomisk støtte har strøymt på frå gjevarlandsgruppa med Noreg i spissen. Hamas sin toppleiar, Ismail Haniyeh, sit trygt i Qatar og dirigerer derifrå. For å få verdsopinionen til å venda seg mot Israel, er det eit spørsmål om Hamas ynskjer store sivile tap?

No er det i høgste grad naturleg å ta tapstala frå Gaza med ei stor klype salt. I diktaturstatar er det toppleiaren som avgjer kva tal som det er føremålstenleg å gå ut med. Nyleg uttala USAs president Jo Biden at han har liten tiltru til desse tala. Og han er ikkje åleine om dette. Professor Tormod Heier ved Forsvarets høgskole har uttala at Hamas sin bodskap rettar seg mot den islamske verda og har mindre truverde enn tilsvarande frå Ukraina.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement