Konge eller president?
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
I Dag og Tid 16. september har Andreas Skartveit eit prima innlegg, som vanleg: «Dronning i solnedgang». På eitt punkt snublar han likevel – ei negativ side ved å ha president, seier han, er at: «Ein president er først og fremst president for det fleirtalet som valde han. Mindretalet ville hatt ein annan president. Valde presidentar veit dette, og fyller opp med sine eigne folk i styringsapparatet rundt seg.»
Ja, slik kan det vere, som i Russland og for den del USA, men det er berre halve sanninga og difor ikkje eit brukande argument.
Kongen eller dronninga er eit «nøytralt» statsoverhovud og er konge eller dronning fordi dei er fødde i den rette familien. Han eller ho har i Noreg i det vesentlege ein titulær, formell funksjon utan mykje reell makt. Det kan vere praktisk at landet har ein slik gallionsfigur. Ei ulempe er at vi i realiteten får ein halvadel omkring kongehuset, noko som ikkje er bra. Men der artikkelforfattaren snublar, er i framstillinga av presidentens funksjon. Presidenten kan vere ein person med makt, slik Skartveit framstiller han, men ein president kan òg ha berre ein meir titulær funksjon, utan å ta del i politikken anna enn heilt overordna og formelt, slik som kongen vår. Slik har dei det til dømes på Island, me minnest enno Vigdís Finnbogadóttir som eit prima statsoverhovud.
Det argumentet som i artikkelen blir lagt fram mot på demokratisk vis å ha ein valt president som statsoverhovud i staden for ein konge eller ei dronning frå ein bestemt familie, er difor ikkje gyldig. Ein føresetnad vil likevel vere at presidenten blir valt med direkte val, uavhengig av dei politiske partia, og gjerne heller ikkje rekruttert frå dei politiske partia.