Ordskifte
Konflikt mellom natur og klima?
Må vi byggje ned natur for å byggje vindturbinar og anna som vil gje fornyeleg energi for å dytte ut den fossile? Dag Hessen og andre er inne på eit slikt dilemma her i avisa 20. februar.
Klimapolitikken har vore ynkeleg (i vårt og andre rike land) når vi samanliknar resultata med ambisjonane. I 35 år har klimaendringar hatt status som noko det mest alvorlege i verda. Den eine konferansen etter hin vedtok dokument med veksande ambisjonar etter kvart som dei såg at avstanden mellom utslepp og tidlegare mål berre hadde auka.
Dei styrande har heller ikkje gjort det lett for seg. Utgangspunktet er at den økonomiske veksten må halde fram. I hovudsak er det kol og olje som driv den industrialiserte verda med stadig større kraft. I 2024 gjekk energiforbruket globalt opp med vel 3300 TWh (milliardar kWh). Over 2100 TWh var fossil energi. 750 TWh, under ein firedel, kom frå ulike fornyelege kjelder. For å få straum ut av solceller og vindturbinar går det mykje kol til å framstille desse varene. Dei er heller ikkje varige meir enn eit par tiår eller vel det. Å hogge skog for å lage elektrisitet er definert som utsleppsfritt, men slepper ut meir CO2 enn kolkraftverk.
Større rikdom gjev i seg sjølv større utslepp av CO2. Vi byggjer motorvegar for større fart og større utslepp, riv eldre hus og reiser nye i betong med større utslepp enn noko anna byggjemateriale. Reisande med buss og bane var over 20 prosent i 1960 og 5–6 prosent i 2011. Kollektivtrafikken lokkar ikkje dei rike. Talet på nye og store hytter har eksplodert, med milelange bilkøar til følgje. Vi brukar 120 milliardar kroner kvart år til oppussing og nye møblar. Interiørbulimi, kalla Hilde Charlotte Solheim det i ein kronikk. Avfallsmengdene veks. Mykje av varene vi kjøper, kjem frå industri i andre land og er ikkje med i våre utsleppstal.
Dei 30 TWh straum som vi har fått på nettet frå vind og vatn sidan 1990, har lagt seg som tillegg oppå den tidlegare kraftinnsatsen. Dei har ikkje gått med til å redusere brenninga av fossil energi, men snarare drive ho oppover. Vi manglar heilt styring som kunne få meir vindstraum til å presse ut olje. I vår liberalistiske verdsøkonomi er det pris og konkurranse som styrer mest – aksjonærar og direktørar, ikkje folkevalde. Politikken har i stor grad sleppt taket på energiforvaltninga ut i forretningsverda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.