Klima

Klimasynder skal ikkje rettast opp med avlat

Publisert Sist oppdatert

Tidlegare oljeminister Terje Søviknes meiner karbonfangst og -lagring er feil bruk av fellesskapets pengar, skriv Dag og Tid 26. september. Men staten får inn over 30 milliardar kroner i året på CO2-avgifter og klimakvotar. Føremålet med desse klimaavgiftene er ikkje å betale avlat. Derfor skulle det berre mangle at ein del av pengane går tilbake til næringsliv og industri, slik at dei kan kutte utslepp.

Den internasjonale effekten av klimaprosjektet Langskip lar seg uansett ikkje måle berre i kortsiktige kroner og CO2-kutt. Førre veke kunngjorde ein sementfabrikk og eit avfallsanlegg i Storbritannia at dei òg har bestemt seg for å bygge CO2-fangstanlegg. Dette er dei same bransjane som har fått støtte frå den norske staten via Langskip. Tilfeldig? Neppe. Sementfabrikken er eigd av systerselskapet til den norske produsenten som nettopp har byrja fange CO2 i Brevik.

Etter mange år med tafatt klimapolitikk for industrien vedtok EU i fjor eit mål om å skaffe CO2-lagerkapasitet på 50 millionar tonn innan 2030. Europeiske oljeselskap er no juridisk forplikta til å oppfylle målet. Dette ville ikkje skjedd om ikkje Noreg gjekk opp løypa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement