Klima og elefantar i rommet
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
«Ein grøn morgon, men ikkje i dag» skriv Jon Hustad i ein god artikkel i Dag og Tid 1. juli med referanse til ein årleg energi- og klimarapport frå J. P. Morgan Asset Management. Den årlege rapporten har «The Elephants in the Room» som undertittel. Som klimaengasjert i mange år har eg klare meiningar om dette.
Etter mi meining er det to elefantar i klimadebatten som ikkje er med i artikkelen og som politikarene ikkje vil sjå. Den eine elefanten er verdas behov for energi, og korleis det skal løysast. Løysinga på dette er at me må satse på kjernekraft frå fjerdegenerasjons reaktorar med thorium som energikjelde. Dei kan byggast som små og store anlegg der behovet er størst, Dei kan også vere med på å redusere kravet til nye kraftliner. Diverre er det ikkje politikarar nok som vil velje denne løysinga. Sjå til Frankrike som nå dekker 70 prosent av energibehovet med kjernekraft. Noreg har thorium og kunnskap på dette fagområdet.
Den andre elefanten er geoengineering. Mange gjer mykje for å tilpasse seg klimaendringane med høgare temperturar, flaum, tørke, styrtregn, stormar, temperaturrekordar og klimaflyktningar. Tilpassing er ikkje nok. Me treng tiltak innan geoengineering for å redusere innstrålinga frå sola og stabilisere temperaturen på jorda inntil andre tiltak kan bidra til å reparere CO2-nivået i atmosfæren. Ein solskjerm kan ligge i eit Lagrange-punkt 1,5 millionar kilometer utanfor jorda i eit fast punkt mellom jorda og sola. Dette er eit prosjekt som klimavitskapen bør satse på. Noreg har mykje av teknologien og kompetansen.
Me treng dei to elefantane eg har omtalt, dei må inn i alle møterom på alle klimamøte. Om du er i tvil etter å lese artikkelen til Jon Hustad, bør du lese «Kva skjer med Syvers somre? Norge blir det nye Syden» i Aftenposten søndag 3. juli. Tenk så på kva som skjer i Noreg som ein konsekvens av det som skjer i Europa og resten av verda. Det kan du lese meir om på side 2 i Aftenposten frå 4. juli under overskrifta «I tvil om alvoret i klimakrisen? Hør med Nato».
Syver og mine barnebarn lever truleg fram mot år 2100. Dei er mi drivkraft i klimadebatten. Mitt håp er at mine to elefantar skal gje dei gode liv framover.