Klasse 3A svarar professoren
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
9. september skriv professor Bjørn K. Nicolaysen ein kommentar om stoda i skulen, «Den overkontrollerte læraren». Elevar er ein viktig part i skulen, men vi opplever ofte at nokon andre talar på våre vegner, og at vi blir presenterte som einsretta. Dette svaret er tufta på mange ulike erfaringar og meiningar i klassen vår. Vi har prøvd å samanfatte stemmene fordi vi meiner at professoren inviterer til svar ved blant anna å hevde at puggeskulen er gjeninnført og at ingen utanforståande forstår skulen.
Reint retorisk les vi professorens utsegner som vel krasse. Han vel sterke, lada ord og lét teiknsetting som hermeteikn tale for seg. Vi opplever ein noko nedlatande tone, til dømes blir digitaliseringa omtala som ein vits og Kahoot! som god meistring. Det er kraftig overdrive. Vi må nok også arrestere professoren for tynn argumentasjon når han viser til ei hending i Frankrike for å understreke at lærarane i Noreg har mista fagleg integritet og initiativ. Vidare les vi at elevar ikkje utviklar heilskapssyn, og tolkar det som at vi ikkje har fått denne evna. Vi kjenner oss ikkje igjen.
Det er særleg tre område vi vil kommentere: elevsamtalen, fagfornyinga og skulen i verda. Det er dei tre siste åra på VGS vi fokuserer på.
Vi reagerer på ordlyden «invasjonar i elevens privatliv» når Nicolaysen snakkar om den «relasjonsutviklande samtalen» og at vi blir oppmoda om «å vrengja sjela for læraren». Det er kjent at mange elevar har utfordringar som kan stå i vegen for godt læringsutbytte. Å bli møtt med forståing og tilrettelegging når ein fortel om utfordringar, kan vere avgjerande for at elevar fullfører skulen. Lærarane våre kjenner den profesjonelle rolla si og viser oss vidare til rådgjevarar og helsesjukepleiarar ved behov.
Vi er ikkje redde for kjensler, tvert om, denne tilbakemeldinga blei til på oppmoding om å kjenne etter kva vi meiner om det vi les.
Dei nye kompetansemåla vektlegg sosialisering og samarbeid, og kompetansemåla skal vurderast. Færre prøver og meir vurdering av munnleg aktivitet i timane blir forstått som auka press av enkelte elevar og kan gjere skuledagen vanskelegare. Professoren har rett i at elevar kan oppleve angst for å seie noko feil, men vi skjønar ikkje koplinga til «kritisk tenking». Det er meir den vanlege frykta for å verke dum. Mindre grupper kan vere eit godt alternativ.
Vi er det første kullet som starta på VG1 med den nye læreplanen – skulens prøvekaninar. Lærarane testar ut ny undervising for å oppfylle krava om dei tverrgåande temaa. I nokre fag verkar dei meir relevante. Til dømes har vi i «tenkjefaget» norsk skrive essay om korleis vi òg er knytte til hendingane 22. juli. Vi har diskutert tekstar frå opplysingstida i lys av dagens ordskifte, og no skriv vi denne teksten som ei oppgåve med retorikk og nynorsk, fordi vi, grunna streiken, ikkje fekk delta i «Ta ordet!», Universitetet i Bergen sin konkurranse for vidaregåandeelevar.
Om endringa for oss skuldar fagfornyinga eller bytet av skule, er vanskeleg å seie noko om. Vi har ulik erfaring med metodar fordi vi kom frå ulike ungdomsskular. Vi har fellesfag og programfag i ulike klassar, vi har forskjellege lærarar, og som elevgruppe er vi heller ikkje eins. Det er vanskeleg å gå i detalj for kvart fag utan omsyn til desse faktorane. Lærarane prøver å engasjere oss, men det kan ikkje vere noka enkel oppgåve. Eit døme på noko heilt nytt for oss er programmering. Kompetansemåla byggjer vidare på eit grunnivå, og for fleire av lærarane er dette heilt nytt lærestoff. Tek ein omsyn til dette i eksamen?
Vi ville avslutte om idealskulen, men meiningane er for sprikjande. Det fortel oss at skulen er ein plass der mangfaldet blomstrar, men ikkje alle dagar og fag har like sterke fargar. Vi er likevel samde om at den gode læraren veit å skape engasjement, og den gode avisa lét oss ta ordet i offentlegheita.