Den overkontrollerte læraren
Lærarane må ope diskutere heile stoda i skulen – ikkje berre løna.
Kvifor streikar lærarane? Eg meiner sjølvsagt at lærarar bør få høgre løn, med dei krav til utdanning, utgifter og kompetanse som no er.
Men lærarløna burde absolutt vore knytt til ein diskusjon om skuleutviklinga. Det vi i dag høyrer mest om, er eleven og dei utfordringane elevane har. Det er forståeleg, men då må vi òg drøfte tilhøva til dei som skal ta seg av elevane. Her har det dei siste 25 åra vore omfattande endringar av arbeidsvilkåra.
«Medarbeidarsamtalar»
Invasjonar i elevens privatliv av lærarar som ikkje er faglærte psykologar eller sosionomar, er i dag vanleg i form av «relasjonsutviklande samtalar» – ei form for medarbeidarsamtale med eleven. Det vert på den måten lagt så stor vekt på kjensler i alle samanhengar at alle til slutt vert usikre.
For kven avgjer kva som er relevant, kor langt kan ein strekkje forståinga, og kvar går grensa mot fagleg vurdering? Når foreldre legg seg opp i vurderingane av borna sine, kva slag relasjonar utgjer dette? Tidlegare unngjekk ein personlege kjensler ved å diskutere emna i faget; tekstarbeid, religion og samfunnsfag fekk viktige roller som bindelekkar mellom det personlege og oppøvinga til offentleg tale. No oppmodar ein tvert om til å vrengje sjela i klassen eller overfor læraren.
Rapportering
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.