Integrering
Klarare rammer i integreringspolitikken
Bokaktuelle Almir Martin diskuterer mellom anna bønerom i offentleg sektor, som han meiner kan føre til sosialt press. Her er eit av bøneromma Posten i si tid oppretta for sine tilsette.
Håkon Mosvold Larsen / NTB
I Dag og Tid 7. november er Almir Martin uroa for integreringa , og ønskjer «ein verdimessig leiarskap» som seier: «Dette er Noreg, dette er rammene, og innafor dei finst det stor fridom.» Det er eg heilt samd i. Regjeringa aktar å setje endå klarere rammer og krav i integreringspolitikken.
Alle som kjem til Noreg, skal møtast med krav og forventing om at dei skal jobbe og intergrere seg i det norske samfunnet.
I Noreg stiller vi krav til kvarandre, og det gamle slagordet «yte etter evne, få etter behov» er ein berebjelke i det norske samfunnet. Det er grunnlaget for samfunnet vi har i dag. Difor skal vi ha klare forventningar til dei som kjem hit: I Noreg snakkar vi norsk, og vi forventar at dersom du kan jobbe, så skal du jobbe.
Ikkje fire
Noko av det første eg gjorde som ny statsråd, var å føreslå ei ny integreringserklæring som gjer det klart kva forventningar som blir stilte til nykomne flyktningar til Noreg.
Erklæringa er viktig. Vi må erkjenne at mange som kjem til Noreg, kjem frå andre kulturar, skikkar og tradisjonar enn dei som rår i Noreg – somme gonger i direkte strid med dei verdiane vi held høgt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.