Samtalen
Vil ha integrering på norske premissar
– Når vi vert usikre på om handhelsing er greitt, eller om det bør vere bønerom i skulen eller i arbeidslivet, har vi gløymt utgangspunktet for integrering, seier bokaktuelle Almir Martin.
Statsvitar og nestleiar i organisasjonen Likestilling, integrering og mangfald, Almir Martin, har skrive bok om integrering. Han vil ha vekk bønerom og forby religiøse hovudplagg for dei under 15 år.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Boka Integreringen som ikke gikk seg til, som kom ut denne veka, vert omtalt som eit oppgjer med naive førestillingar om integrering i Noreg. Ho er skriven av Almir Martin, statsvitar og nestleiar i organisasjonen Likestilling, integrering og mangfald. Han har jobba mange år som mangfaldsrådgjevar i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, Utlendingsdirektoratet og skuleverket, og har sjølv røter frå Nord-Makedonia.
– Kva er den største feilen i integreringsarbeidet i Noreg, slik du ser det?
– Det er at vi har gjort integrering til eit spørsmål om tilpassing i staden for verdiforankring. Vi snakkar mykje om inkludering, men altfor lite om kva ein faktisk skal inkluderast i. Når vi vert usikre på om handhelsing er greitt, eller om det bør vere bønerom i skulen eller i arbeidslivet, har vi gløymt utgangspunktet. Integrering handlar om å verte ein del av det norske fellesskapet, ikkje å forhandle det vekk. Når staten sjølv sender uklare signal, skapar det forvirring både blant dei som skal integrerast og dei som jobbar med integrering. Vi treng ein verdimessig leiarskap som seier: «Dette er Noreg, dette er rammene, og innanfor dei finst det stor fridom.»
– Korleis har vi hamna her?
– Ein har trudd at integreringa skulle gå seg til, og at andre og tredje generasjon innvandrarar skulle verte meir som nordmenn flest. Men det er fleire ungdomar med muslimsk bakgrunn som ikkje får lov til å velje korleis dei skal leve. Det står nokon bakom og bestemmer. Det går seg ikkje til. Gjennom tida mi som mangfaldsrådgjevar har eg sett at det kjem stadig fleire førespurnader om hjelp.
– Du rettar i boka peikefingeren særleg mot muslimske grupper som gjev religionen ei meir dominerande rolle politisk og sosialt. Er du ikkje redd for å stigmatisere?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.