Kaos, orden og konstruksjon av meining
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Håvard Rem skreiv sist veke uvanleg sakleg og interessant om den kanadiske psykologen Jordan Peterson si lansering av boka Mer enn bare orden som gjekk føre seg framfor 10.000 nordmenn i Oslo Spektrum i pinsen. Eg vil gjerne gje ørlite meir bakgrunn for det Peterson skriv ut frå.
Då eg i 2009 måtte avslutta min psykologpraksis, hadde eg nyleg publisert Sjelsord, som summerte opp erfaringar og viste til teoriar, teknikkar og modellar eg hadde hatt nytte av. Eit par av bidraga der oppfatta eg som genuint mine eigne. Det dreidde seg om noko eg kalla «Ja vel-regelen», som fritok folk frå å løysa problema til dei som ikkje var ute etter ei løysing; ein er ikkje forplikta til å løysa problemet eller koma med forslag til løysingar når slike menneske vender seg til deg. Du kan bare seia: «Ja vel?»
Det andre bidraget var ein modell for analyse av menneskeleg åtferd. Eg såg menneska i tre grunnleggjande tilstandar: Det kjente, som eg kalla «Heimeområdet», der du kjenner deg trygg i føreseielege omgjevnadar, Det ukjente, som skapar usikkerheit, forvirring og frykt, og den tredje, som meir har preg av ein prosess, Granskingsekspedisjonar – frå heimeområdet og ut i det ukjente.
Stor var mi forundring då eg første gong tok til å lesa Jordan Peterson og oppdaga at han alt i byrjinga av den første boka hans, Maps of Meaning, presenterer ein modell som byggjer på dei same fundamentale tilstandane; hjå han heiter dei ‘domene’: «the domain of the known», (orden) «the domain of the unknown» (kaos), og «creative exploration of the unknown». Sidan eg ikkje var klar over når den boka kom ut, tenkte eg sjølvsagt at, «det der kom eg på først». Men så kikka eg på kolofonsida og såg at Maps of Meaning: The Architecture of Belief kom ut alt i 1999. Ja, ja.
Jordan Peterson var 37 år då han publiserte boka, og hadde arbeidd med henne i 13 år. Han presenterer ein teori for korleis folk konstruerer meining, formulerer tru og skapar forteljingar om verda og livet. Peterson byggjer på studiar av mytologi, religion, litteratur, filosofi, psykologi, ikkje minst Carl Jung, men òg russiske Sokolov og moderne vitskapleg kunnskap om korleis hjernen fungerer. Boka er på 564 sider, og eg kan vanskeleg tenkja meg noko mindre tabloid. Boka er motivert av eit intenst spørjande sinn, som prøver å fatta bakgrunnen for den kalde krigen, årsaka til menneskeleg vondskap, som i nazismens og stalinismens herjingar.
Og ein stad her ligg kjernen til min fascinasjon, nemleg hans energiske og inderlege spørjande haldning, utrøyttelege leiting etter mønster og samanhengar, opne haldning til veldig mange ulike kjelder til kunnskap og vilje til å forstå korleis menneska skapar meining i livet og verda. Han er ikkje redd for å ta fatt i det basale, det elementære og grunnleggjande. Så prøver han å byggje ei forståing ut frå dette. I tillegg til kjeldene som alt er nemnde, nyttar han gjerne personlege erfaringar, sterke opplevingar med påkjenningar og livstrugande sjukdom, samt anonymiserte klienthistorier frå psykologpraksisen. Det er desse to tinga, det inderlege og viljen til å ta fatt på det fundamentale, som fangar interessa.
Dei nye sjølvutviklingsprega bøkene hans kan med fordel sjåast i samanheng med den første.