Gamaldagse verdiar og lyttande unge
OSLO: Medan hovudstaden syd av sumar og pinsefri, har nær 10.000 unge betalt 750 kroner kvar for å sitja i mørkeret og høyra eit aldrande psykologektepar lansera ei bok om gamaldagse verdiar.
Psykologane Tammy og Jordan B. Peterson på scenen i Oslo Spektrum.
Alle foto: Oliver Lovrenski
Jordan B. Peterson
Kanadisk forskar og klinisk psykolog
1962: Fødd i Edmonton i Alberta i Canada
1991: Doktorgrad i klinisk psykologi ved McGill-universitet i Montreal i Canada
1993–98: Underviste og forska ved Harvard-universitetet i Cambridge i USA
1998: Professor i psykologi ved Toronto-universitetet i Canada
1999: Utgav boka Maps of Meaning. The Architecture of Belief
2016: Internasjonalt kjend som kritikar av eit kanadisk lovframlegg om «kjønnsidentitet»
2018: Utgav boka 12 regler for livet. En motgift mot kaos
2019–20: Vart behandla for benzodiazepin-avhengnad
2021: Utgav boka Mer enn bare orden. 12 nye regler for livet

havard@dagogtid.no
Det er andre pinsedag, og eg er på boklansering, ikkje på Lillehammer, men i Oslo. Kvelden byrjar med at ei kvinne sist i 50-åra går fram på scenen for å seia litt om arrangementet og introdusera forfattaren. Han er aktuell med si tredje utgjeving, sakprosaboka Mer enn bare orden (2021). Dei set seg i kvar sin stol med kvar sin trådlause mikrofon. Folk klappar.
Forfattaren, som fyller 60 år no sundag, verkar innleiingsvis spak og keitete, men det betrar seg. Det gjer ljoden òg, som fyrst har vel mykje klang og ekko. At ein litteraturkveld verkar amatørmessig, er ikkje uvanleg. Effektar og scenografi er fråverande. Mellom forfattar og moderator står eit lite bord, men den nye boka er ikkje å sjå der eller andre stader. At ho kom på scenen eit minutt før han, vert det einaste dramaturgiske grepet for kvelden.
Eit publikumsfrieri er ikkje paret i seg sjølv heller – ekteparet, for å vera presis. Dei har vore gifte sidan 1980-åra. Båe er gråhåra og gråkledde, om ein ser bort frå ei raud strikkejakke og ein brun blazer.
Det luktar traust litteraturkveld lang veg. Av dei ni næraste personane på rada framfor meg er fem kvinner, alle kring 40 år gamle, alle med nordisk utsjånad.
Mangfald
Men når eg snur meg, er det mykje uvant å sjå. Kvinnene er mange, men karane er i klårt fleirtal, uvanleg nok, og dei utgjer eit sjeldan mangfald. Somme går i advokatdress, andre i T-skjorte og shorts. Somme har på seg cowboyhatt, andre sveitteband. Somme liknar kroppsbyggjarar og andre datanerdar. Somme har Den Konservative Studentforening-jakkemerke og andre har innvandrarbakgrunn, fleire enn på litteraturkveldar flest.
Om publikum har ein fellesnemnar, er det alderen – dei fleste er tretti og førti år yngre enn forfattaren på scenen.
Men det som i størst grad skil kvelden frå eit vanleg bokbad, er staden. Me er ikkje på Litteraturhuset eller Rockefeller, men i eit fullsett Oslo Spektrum.
Ein forfattar som får nær 10.000 unge menneske til å nytta fridagen og nær ein tusenlapp til ei innandørs boklansering, medan sola skin i eit sumarleg Oslo, er det me kallar eit fenomen. Fenomenet heiter Jordan B. Peterson, ein forskar og klinisk psykolog frå Canada.
Då han var i Noreg sist, for å lansera den førre boka si, En motgift mot kaos (2018), leigde han Oslo konserthus, men dei 1400 seta vart snøgt utselde. Difor Spektrum no.
Spørsmål og svar
Kva er det med denne psykologforfattaren og Noreg? Ingenting. Rett nok har han eit slag norsk opphav – mellomnamnet Bernt er etter ein barnlaus oldefar frå Gudbrandsdalen som adopterte ein irsk gutunge, farfar til forfattaren –?men «noregsven» er han ikkje. Boklanseringa er ledd i ein verdsturné.
At den førre boka selde i meir enn fem millionar eksemplar, at YouTube-kanalen hans har fem millionar abonnentar og 300 millionar syningar, er kjent, men turnéverksemda har ikkje mindre volum. Kvar turné fyller kring hundre større arenaar. I går opptredde han i Stockholm, onsdag i Göteborg og torsdag i København – på stader med mellom 5000 og 15.000 sete. Så går ferda til Baltikum og Visegrad-landa. I vinter turnerte han hundre stader i USA. Etter Europa dreg han til Australia, New Zealand og heimlandet.
På mange av arenaane – frå Scandinavium i Göteborg til O2 Arena i London og Beacon Theatre i New York –?har eg høyrt andre nordamerikanarar. Men dei spelar instrument og syng. Det næraste eg har vore ei snakketilskiping som dette, var «Samtalar med Nick Cave» i Oslo konserthus og Grieghallen i Bergen for tre år sidan –?med helvta prat, helvta song.
Som Cave byggjer Peterson regien kring spørsmål frå salen. Innleiingsvis fortel Tammy Peterson med eit smil:
– Men me rekk nok ikkje så mange spørsmål, for han pratar mykje.
Ho får rett. Fem spørsmål rekk ho å vidareformidla før seansen er over.
Familieverdiar
I tillegg til at psykologkona bokbadar, er sonen og dottera involverte i nettuniversitetet Peterson Academy, som opnar i haust.
At familien tek del i verksemda, har Peterson sams med nordamerikanske artistar som Johnny Cash og Willie Nelson – og predikantar som Billy Graham. Det kan ein sjå i samanheng med at familien er ein viktig del av bodskapen – som det var for Graham då han fylte Ullevål stadion i 1955 og 1978.
At sjølve trussystemet er borte, heng saman med Petersons leveregel nummer seks: «Dropp ideologiar.» Men dei fleste predikantar og imamar kunne ha skrive under på kortversjonen av svara Peterson gjev på dei fyrste spørsmåla: Rust deg mot freistingar. Ver monogam. Dyrk familien. Få born. Les Bibelen. Ta ansvar for ditt eige liv.
Er det eit paradoks at ein så gamalmodig bodskap fyller Spektrum med unge menneske? Nei, mengda og mangfaldet av menneske heng saman med dei kulturkonservative haldningane. Vanlege folk er gjerne kulturkonservative, nokså uavhengig av kva parti dei røystar.
Peterson gjestar eit land med to kulturradikale parti, SV og Raudt. I eit snitt av maimålingene svarte i alt éin av sju at dei ville røysta på dei to partia. Med andre ord: Seks av sju nordmenn er ikkje fyrst og fremst kulturradikale, og 10.000 av dei er i kveld i Spektrum.
Kontroversiell
I dagane før arrangementet hadde eg glede av å studera reaksjonane på at eg skulle dit.
«Er han ikkje klimafornektar?» spurde den eine. «Er han ikkje kvinnehatar?» spurde den andre. Og då dei vedgjekk at dei ikkje hadde lese han, spurde dei: «Men kvifor er han så kontroversiell?»
Er han så kontroversiell? Neppe i Noreg. Han sa ingenting kontroversielt i Spektrum.
Dei som aktivt mislikar han, er få. Før han kom til Noreg, vart professor i biologi ved Universitetet i Oslo, Kristian Gundersen, spurd av akademianettstaden Khrono om ein kommentar. «Det er mye rart med ham, men han har truffet en nerve som handler om å ikke være politisk korrekt og tale gutters sak», svarte professoren.
Khrono prenta så ein artikkel der ein av studentane til Gundersen, Embla Imset, kallar ein del Peterson-utsegner for «hatprat». Om Gundersens samansette svar skriv ho at «det gjør meg utrygg å skulle bli undervist av han», og «det er svært problematisk at han er ansatt ved UiO og får undervise studenter».
At studenten fekk lite støtte, vil ikkje seia at skuldingane er utan verknad. Å problematisera Gundersens tilsetjing, er ytterleggåande, men att står likevel hatpratstempelet i ei seriøs nettavis. Peterson er då ein som mange tilsette i skuleverket ikkje kan verta assosiert med.
Paradoksalt nok: Di meir alvorleg ein meiner hatprat er, di mindre alvorleg ser ein på det å skulda andre for det. Dei mange som vil framstå som identitetspolitisk nøytrale, kan på den eine sida ikkje stø Imsets ynske om Gundersens avgang, men held på den andre sida god smitteavstand til fenomen som Peterson.
Kulturkonservativ arv
Petersons bodskap og publikum har ein del sams med den amerikanske lyrikaren Robert Bly (1926–2021) og den internasjonale bestselgjarboka hans, Iron John. A Book About Men (1990; Mannen, 1992).
Lyrikaren Helge Torvund har omsett Bly-dikt frå Iron John-tida, og han har sjølv verka som klinisk psykolog i ein mannsalder. Eg spurde difor Torvund kva han tenkjer om Peterson, og han svarte:
– Eg opplever han som ei forfriskande røyst frå ein person med svært mykje kunnskap, og som ein som ikkje er redd for å innta kontroversielle standpunkt. Eg tykkjer av og til han kan verta vel prega av polariseringa sjølv, og då kan han i dialogar verka noko respektlaus overfor dei som har andre meiningar enn han. Men først og fremst er han lærd og vågleg og løftar fram ein kulturkonservativ arv som eg trur det er viktig å ha eit forhold til og halda ved like.
Avpolitisert Peterson
Ein del kjende andlet syner seg i salen, kulturkonservative frå både venstre- og høgresida i norsk politikk, fleire frå landet bortanfor Frp. Somme av dei er nok vonbrotne over at Peterson er langt mindre kontroversiell enn førehandsomtalen kunne gje inntrykk av. Mykje av bodskapen hans i Oslo Spektrum og i bøkene er korkje politisk eller identitetspolitisk. Dessutan er Noreg mindre polarisert enn den nordamerikanske kulturen han representerer og provoserer. På den eine sida er woke her mindre woke enn der. På den andre sida er kulturkonservatismen her mindre konservativ enn der.
Når nordamerikanaren vert spurd om ein bør ta IQ-test, og nyttar ein halvtime på å tilrå det, handlar det meir om kulturelle enn politiske skilnadar. Kvifor fyller han då Spektrum når han i så liten grad er identitetspolitisk polemisk?
Svaret er truleg like enkelt som namnet på den litterære sjangeren han skriv i: sjølvhjelpslitteratur. Dei som sit kring meg på tredje rad, ser ikkje ut som utrygge menn i tjueåra, men ressurssterke folk i tretti- og førtiåra, mange kvinner, fleire med pakistansk, indisk og austasiatisk opphav. Dei ser ein læremeister som har suksess, og som tilbyr seg å hjelpa dei til eit godt liv og gode haldningar.
Hamlet og Bibelen
Spørsmål fire: «Kvifor meiner du at Bibelen er viktig å lesa?»
Svaret verkar mindre sjølvsagt enn det er, av di det er prega av naturvitskaplege termar. Han snakkar om nevron og nettverk, at me ser verda gjennom forteljingar, at forteljingar syner til kvarandre, at me ikkje skjønar nyare forteljingar utan å kjenna dei gamle, som er fletta inn i dei nye. Difor er det viktigare å lesa Hamlet enn 50 Shades of Grey. Og i botnen av Hamlet ligg Bibelen.
Eg har omsett Hamlet og delar av Bibelen og veit at dramaet ikkje er det beste døme på eit sterkt bibelrefererande verk frå 1600-talet, så kvifor nytta han då det dømet? Truleg av di det er eit av dei få litterære hovudverka så å seia alle har høyrt om. Mangfaldet i salen er stort. Å finna eit minste felles multiplum av referansar å spela på i 2022 er ei utfordring så krevjande at det går ut over presisjonsnivået. Men han nemner Milton og Dante òg.
Det han likar med dei bibelske forteljingane, er viljen til meining.
– Eg arbeidde seks år på Harvard. Der sa dei: Den djupaste drivkrafta er viljen til makt. Då svarte eg: Den utsegna er ikkje ein analyse, men ei truvedkjenning.
Kraftig applaus.
Hatprat
Heilt apolitisk er Peterson ikkje i Spektrum. Når kona fortel at det siste spørsmålet handlar om tilhøvet mellom hatprat og ytringsfridom, vert ho avbroten av sterk applaus. Peterson svarar med å stilla seg sjølv ei rekkje spørsmål:
– Er du ikkje mot hat?
Han slår ut med armane og ser på publikum, som om psykologen spør: Kan ein vera mot ei kjensle? Han held fram:
–?Finst hatprat? Ja. Nazistane dreiv med det. Kommunistar òg. Er det uheldig? Ja. Bør ein forby det? Forby kva? Humoristisk hatprat? Ironisk hatprat? Litterær hatprat? Hit har me kome: Om nokon vert krenkte, har dei rett. Det er dei mest umogne narsissistane mellom oss som no skal laga reglane og lovane våre. Men kva gjev dei rett til å definera kva hat er? At dei ser på seg sjølve som såra offer?
Peterson er ikkje lenger spak og keitete. Engasjementet han no syner, er så sterkt at om det berre er profesjonelt, er han ein framifrå skodespelar. Han held fram:
– Kvifor er ytringsfridomen så viktig? Av di me treng ord for å tenkja. Me tenkjer når me pratar. Om me ikkje kan prata fritt, sluttar me å tenkja.
Påverknaden
På veg ut av Spektrum vekslar eg nokre ord med sidemannen, ein kar på kring tjue år. Han seier:
– Eg har fylgt han i nokre år. Talane hans hjelpte meg med å få livet på rett kjøl etter ein periode i tenåra då eg hadde eit negativt og destruktivt tilhøve til skulen og heimen, samfunnet og meg sjølv.
– Er det fyrste gong du høyrer han frå scenen?
–?Sist han var i Oslo, var eg for ung. Og han har vore borte i eit par år. Han slit med depresjon og har vore tungt avhengig av sterke medikament. Den siste tida er det som om han har vorte sju–åtte år eldre.
– Er du overraska over at det er så mange kvinner her?
– Nei. På YouTube er det flest menn som fylgjer han, men bøkene hans er det mest kvinner som les.
– Kva er det viktigaste du har lært av han?
– At det ikkje er til å unngå at livet stundom er drit. Og at det ein skal søkja i livet, ikkje er lukke, men noko som gjev meining.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Om nokon vert krenkte, har dei rett.
Jordan B. Peterson
– Om me ikkje kan prata fritt, sluttar me å tenkja.
Jordan B. Peterson
Fleire artiklar
Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.
Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons
Elektromagnetisk krigføring
Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.
Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.
Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB
Blottet for etiske refleksjoner
Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.
Teikning: May Linn Clement
Votten
Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.
Foto: Albert Madsen
Kapital, kjærleik og Scandinavian Star
Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.