Oppdrett
Kan utstyret løyse alle problem?
Merdar i Romsdalsfjorden.
Foto: Paul Kleiven / NTB
Dei fleste som er skråsikre rundt Havbruksmeldinga har inga erfaring med oppdrett av fisk. Dei har sjeldan investert med fare for å tape alt dei eig. Dei har ofte ei usvikeleg tru på visse typar produksjonsutstyr. Med 40 års erfaring trur vi ikkje det er så enkelt. Men det kan godt hende vi er einige om måla likevel.
I journalist Per Anders Todal sin kommentar «Alt dette kunne vore unngått», påpeikar han med rette at for mykje laks døyr undervegs i produksjonen. Alle må kunne vere einige om dette, og regjeringa har sett eit mål om maksimalt 5 prosent tap. Vår verksemd har valt å satse fullt og heilt på å produsere aure. Vi har 8 prosent tap i selskapet under eitt, og ser at 5 prosent er innan rekkevidde. Om alle faktorar spelar på lag kan det òg vere mogleg å levere stabilt på lågare nivå. 0 prosent er lite realistisk i nokon populasjon av levande individ. Så raus er ikkje naturen.
Journalisten er noko autoritær og meiner at alt anna enn lukka anlegg må forbyast. Som frilynte folk meiner vi han må ha lov å meine det. Men han gjer lite greie for kva eit forbod vil innebere. Han nemner til dømes ikkje energibehovet ved å lukke heile dagens produksjon. I ei tid der dei fleste nye kraftutbyggingar møter steil motbør, er ikkje det noka lita problemstilling. Noreg er ikkje i nærleiken av å kunne føre fram all denne krafta i nær framtid. Og er det rett bruk av energi?
Todal synest heller ikkje å vere uroleg for teknisk og biologisk risiko med å stengje fisken inne, la han gå tettare og gjere han avhengig av pumper og filter. Den risikoen kjenner vi. Sidan 1986 har vi drive settefiskanlegg med friskt vatn frå fjellet, eit langt enklare system enn reinsing av sjø. Vi har likevel opplevd sjukdom og tap innimellom. Smitte skjer raskt i lukka system. Helseplager kan òg kome gjennom rogna, noko ingen anlegg kan demme opp for.
Breidda av erfaring med lukka system på sjø og land, syner at mykje kan skje. Forgifting av vatn, framandelement som kjem seg gjennom filtera, sårproblem, teknisk svikt i sirkulasjonen, eller havari som fylgje av ytre og indre omstende. Få har teke steget heilt ut med lukka system for heile produksjonen. Mange ynskjer å satse på å produsere postsmolt lukka, og på den måten redusere produksjonstida i not. Det kan gje store velferdsgevinstar og kontrollert oppskalering av teknologi.
Utbyggingstakten for store landanlegg er dalande. I tillegg til store investeringar krev det store areal nær sjøen. For dei som har både areal og løyve, er tilgang på straum ofte ein bremsekloss.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.