Kronikk
«Jøden» som ein militær trussel skapte eit folkemord.
Skal ein forklare holocaust, må ein sjå på den radikaliserande effekten krigen hadde på det nazistiske prosjektet. Konstruksjonen og identifiseringa av jøden som partisan – og dermed som ein militær trussel og eit tryggleiksproblem – var eit avgjerande steg i utryddinga av jødane i Europa.
Den 30. januar 1939 – på seksårsdagen for maktovertakinga – heldt Adolf Hitler ein tale i den tyske riksdagen. Her sette han fram «profetien» om at Europas jødar ville bli utsletta i ein ny verdskrig. Seks og eit halvt år seinare hadde 6 millionar jødar blitt myrda.
Forfølginga av jødane i Nazi-Tyskland hadde allereie før 1. september 1939 gjeve seg ekstreme utslag. Men den nye europeiske storkrigen endra dei føresetnadene regimet hadde for å realisere Endlösung der Judenfrage – "den endelege løysinga". I kjølvatnet av krigen forsvann moglegheita til å presse den jødiske folkesetnaden til å emigrere. Ein kunne heller ikkje deportere dei til Madagaskar (!), men andre og meir radikale moglegheiter openberra seg.
Med det tyske åtaket på Sovjetunionen 22. juni 1941 starta utslettinga av Europas jødiske folkesetnad. «Operasjon Barbarossa» skulle vere ein erobrings- og utryddingskrig, noko Hitler gjorde ettertrykkjeleg klart den 30. mars 1941. Han forklarte den øvste leiinga i Wehrmacht kva han forventa: Jødebolsjevismen og dei som representerte han, skulle utslettast. Det var ein kamp mellom rasar og ideologiar, og det skulle ikkje vere nokon «kameratskap» med fienden.
At «Operasjon Barbarossa» skulle vere ein ideologisk og rasistisk utslettingskrig, var alt klart for dei innvigde. I tett samarbeid med Wehrmacht utvikla Riksministeriet for ernæring og jordbruk den såkalla Svoltplanen. Dei væpna styrkane til Nazi-Tyskland skulle i størst mogleg grad forsynast frå dei erobra områda, og alt overskotet skulle sendast tilbake til Tyskland. Resultatet ville bli hungersnaud og sveltedaude for millionar av sovjetiske borgarar.
Samtidig drøfta SS og Wehrmacht ansvarsfordelinga for «nøytraliseringa» av dei erobra områda. Denne gongen hadde ikkje Wehrmacht nokon motførestillingar, slik dei hadde under felttoget mot Polen. Så dei tok imot samarbeidet med SS med glede. Styrkane til Heinrich Himmler og Reinhard Heydrich (Einsatzgruppen m.m.) fekk fritt spelerom bak fronten. Wehrmacht var fullstendig klar over at oppgåva var å drepe svært mange menneske, hovudsakleg jødar.
Med utgangspunkt i retningslinjene frå Hitler byrja Wehrmacht å utarbeide nye ordrar, direktiv og dekret. I dag er desse kjende som «dei kriminelle ordrane», og målet var at tyske soldatar skulle sleppe å følgje krigslovene. Mest kjend er «kommissærordren», som påbaud drap på sovjetiske politiske kommissærar. Noko som er mindre kjent, men som fekk desto større følgjer, er «Retningslinjer for framferda til troppane i Russland». Her vart det gjort klart at soldatane utan nåde skulle nedkjempe bolsjevikiske agitatorar, geriljakrigarar, sabotørar og jødar, og fullstendig nøytralisere all aktiv og passiv motstand.
Jødar vart her definerte som ein militær trussel på line med sabotørar og partisanar. Historikaren Waitman Wade Beorn kallar dette ei militarisering av jødane. «Dei kriminelle ordrane» kan sjåast som ei samansmelting av den nazistiske ideologien med den tyske militære tradisjonen for ekstrem brutalitet mot ei fiendtleg sivilbefolkning. Summen av desse ordrane var at jødane vart rekna som partisanar og kunne drepast. Etter at dei tyske troppane rykte inn i Sovjet den 22. juni, vart denne konstruksjonen endå meir eksplisitt uttrykt.
Drapa på jødane i Sovjetunionen byrja straks. Den 8. juli sa Himmler til Arthur Nebe (sjef for Einsatzgruppe B) at alle jødar i prinsippet burde sjåast på som partisanar. Særleg viktig er Hitlers tilvising (den 16. juli) til Stalins tale frå 3. juli, der den sovjetiske diktatoren bad folket om å starte ein partisankrig mot invasjonsstyrken.
Ifølgje Hitler gav Stalins tale dei ryggdekning for å utrydde alle som verka mistenkjelege. Og i august gav Himmler og Heydrich drapskommandoane ordre om også å myrde jødiske kvinner og barn. Krigen mot jødane i Sovjetunionen var blitt total.
Den tyske kampen mot partisanane under «Operasjon Barbarossa» har blitt kalla «ein partisankrig utan partisanar». I mangel av ei reell partisanrørsle vart kamp mot partisanane brukt som dekke og for å rettferdiggjere massakrar på jødar. I september 1941 arrangerte Wehrmacht og SS ein antipartisankonferanse i byen Mogilev (Belarus). Den førnemnde Arthur Nebe deltok med eit føredrag om «spørsmålet om jødane med omsyn til antipartisankrigen», og konferanseverten, general Max von Schenckendorff, framheva den trusselen jødiske eldre, kvinner og barn utgjorde som agentar for partisanane. Då ein av deltakarane på konferansen kom tilbake til avdelinga si, oppsummerte han det slik: Der det er ein partisan, er det ein jøde; der det er ein jøde, er det ein partisan.
Dette fiendebiletet fekk òg store ringverknader utanfor Sovjetunionen. Under den militære okkupasjonen av Serbia vart jødar og romar drepne som hemn for partisanåtak. Omfanget av desse hemndrapa var sterkt medverkande til at Serbia tidleg vart erklært judenfrei – fritt for jødar. I samband med «Operasjon Barbarossa» arresterte okkupasjonsregimet her heime alle mannlege jødar i Nord-Noreg og mange jødar med austeuropeisk opphav i Sør-Noreg. Målet var å nøytralisere den jødiske trusselen mot invasjonen.
Konstruksjonen av jøden som partisan gjorde jødar til «legitime» mål for tyske styrkar. Å drepe jødane vart ein føresetnad for å vinne krigen, eller rettare sagt for å unngå å tape han. Andre ting som spelte inn, var Nazi-regimet si eiga dolkestøytlegende og Hitlers frykt for at den tyske «heimefronten» skulle vende seg mot regimet. Frå eit slikt perspektiv blir deportasjonane av jødar til dødsleirane ei logisk utvikling.
I det forvridde nazistiske universet var sjølv eit jødisk barn ein frykta fiende som måtte utslettast.