Kronikk

Jens Seip og historikarlandet

Jens Arup Seip var den mest sentrale norske historikaren i sin generasjon. Korleis skal ettertida forstå han?

Publisert Sist oppdatert

Det var ei sann glede å lese Rune Slagstads rosande omtale av boka mi Jens Arup Seip – historikeren og hans land i Dag og Tid før jul.

På eitt punkt er eg ueinig i vurderinga hans. Det gjeld kritikken av innramminga og tittelen. Biografien har som undertittel «historikeren og hans land». Eg hevdar at dette svarar godt til korleis Seip opptredde i offentlegheita. Seip gjekk inn i ein rik tradisjon der historikarar frå 1800-talet og inn på 1900-talet forma språket som blei brukt til å snakke om stat, land og nasjon.

Biografien om Seip kan lesast parallelt med biografien min om Halvdan Koht (2013), men òg med boka eg skreiv om Riksarkivets historie (2017). Dei tre verka tar opp korleis historikarar og historiefaglege institusjonar formar landet ved å skape tolkingar av historia.

Mykje av arbeidet med å forme historia blir gjort av anonyme historikarar som i beste fall får eit liv i fotnotane. Nokre av dei tar steget vidare, skaper omgrep og teoriar som set eit preg på den offentlege samtalen. Her høyrer Jens Arup Seip heime.

Det var ikkje gitt at Seips idear skulle få eit langt liv. Han kom frå norsk mellomalderforsking og frå ei stilling ved Riksarkivet, ikkje akkurat ein stad kjend for å skape nasjonalhistoriske strategar. Ja, enda merkelegare er det at grunnlaget for omgrepsuniverset hans blei skapt på basis av eit arbeid som det tok 38 år å fullføre, biografien om den relativt ukjende norske embetsmannen Ole Jacob Broch. Jo da, han var professor frå 1952, men han publiserte ikkje mykje i denne tida. Nå er det ikkje mengda det kjem an på, men kvaliteten. Her utmerker Jens Seip seg, ikkje berre fordi han skapte fruktbare teoriar, men fordi teoriane var del av svært godt skrivne tekstar.

Sjølvsagt kan ein med Johs. Andenæs seie at sjølv om Seip sa noko elegant, var det ikkje nødvendigvis sant, det han sa. Men fordi omgrepa og teoriane til Seip lever vidare, står han igjen som den mest markante historikaren frå si tid. Altså historikaren og hans land.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement