I Dag og Tid for to veker sidan, i saka «Krig endra Grieg», attgav og samanlikna eg dei to Nordahl Grieg-dikta «Til ungdommen» (1936) og «Øya i Ishavet» (1942): «Det er eit paradoks at me nyttar ’Til ungdommen’ som ’nasjonal trøystesong’ når Nordahl Grieg sjølv endra meining og gjekk til åtak på haldningane i diktet.» At lyrikaren i 1942-diktet siterer og kritiserer 1936-diktet, set eg i samanheng med krigsutbrotet og okkupasjonen som fann stad i tida mellom dei to dikta, og som påverka mellom andre Nordahl Grieg og Arnulf Øverland og tilhøvet deira til nasjonen og kongen, Moskva og Stalin.
«Kan henda er det noko rett i denne historiseringa», skriv fyrsteamanuensis Kristoffer Jul-Larsen i eit lesarinnlegg førre veke, «men Rem sin tekst er djupt problematisk». Jul-Larsen har nemleg funne sin eigen knagg å hengja dikta på –?ikkje ein verdskrig, men ein studentfest. Som kjeldene fortel, vart det eine av dikta, «Til ungdommen», skrive «til ein fest i Studentersamfunnet som eit mottrekk mot ein forventa aksjon frå Nasjonal Samling».
Som politisk bakteppe trekkjer eg inn Menstadslaget i 1931, men av fleire grunnar les eg ikkje dikta i ljos av studentfesten, som ifylgje Jul-Larsen er einaste forsvarlege lesemåte. 1) Det er ikkje studentfesten, men krigsutbrotet som gjev meining til den sterke friksjonen mellom dikta. 2) «Til ungdommen» (1936) er mindre av eit uttala protest- og høvesdikt enn til dømes Øverlands «Du må ikke sove» frå same år. Det ser ein både av diktteksten i seg sjølv og av den uvanleg omfattande, 70-årige resepsjonssoga.
At Jul-Larsen vel å hengja dikta på studentfestknaggen, kjem uventa av di han ikkje kan nytta knaggen til å nærma seg ei einaste diktline. «Diktet er altså eit høvesdikt», skriv han, «eit høvesdikt meint» [mi kursivering] eit eller anna konkret, held han fram, som om han veit noko om diktet som me andre og kjeldene ikkje veit, og det er jo spanande – heilt til ein lyt innsjå?at han ikkje kan koma med eit einaste konkret døme frå dikta.
Biografien til Grieg opptek han, men dikta til Grieg ser i liten grad ut til å interessere han. Difor interesserer det han heller ikkje i det heile teke å vurdera hovudpoenget i diktsaka mi, og dei konkrete døma eg gjev frå Grieg-dikta, som at «stans dem [granatane] med ånd!» i 1936 vert «skal vi vinne det [vårt land], / skjer ikke det ved ånd» i 1942.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.