Palestinakonflikten

Israel står i vegen for fred

Gaza, kunstnarleg skildra i 1881.
Publisert

I sitt svar til meg 9. mai hevdar Dag T. Elgvin at opprettinga av ein jødisk nasjonalheim i Palestina på sikt er det same som ein stat. Han meiner det må leggjast vekt på at fleire sentrale britiske politikarar såg føre seg ein jødisk stat i Palestina. Men nei – kva dei tenkte og ønskte, har sjølvsagt inga folkerettsleg betyding. Balfour-erklæringa, det vil seie den britiske regjeringa si erklæring, seier ikkje noko om ein jødisk stat.

Det palestinske territoriet var ikkje definert før første verdskrigen, men byrja å få ei semioffisiell form gjennom Sykes–Picot-avtalen frå 1916. I den avtalen er Palestina eit mindre område frå Middelhavet til Jordandalen, men det strekkjer seg ikkje lenger sør enn til øvre del av Negev.

Palestina får så avklarte og folkerettslege grenser gjennom utarbeidinga av dei ulike mandata i dei tidlegare osmanske delane av Levanten. Det står att som eit faktum – noko som kjem fram i ulike kart og skisser utarbeidde frå 1916 og fram til 1923, inkludert sionistane sine krav frå 1919 – at det ikkje er Palestina som geografisk område, men mandatet Palestina, som får eit formelt tillegg i denne prosessen. Dette kjem òg fram i dei ulike notata frå denne tida.

Det er elles rett at emiratet Transjordan vart oppretta i 1921, men det vart nettopp lagt til Palestina-mandatet for at britane skulle sikre kontroll, og det vart godkjent som ei eiga administrativ eining då mandatet vart vedteke i 1922. Så fekk Transjordan noko meir sjølvstende i 1923. (Informativt om dette i Wikipedia-artikkelen «Emirate of Transjordan».)

Elgvin meiner SN var bunden av avtalane etter første verdskrigen då dei måtte handsame mandatet Palestina i 1947. Det var dei nok ikkje. Generalforsamlinga stod fritt til å følgje dei tilrådingane UNSCOP leverte – og gjorde det med to tredels fleirtal i avgjerda om å tilrå ei deling av mandatet, i resolusjon 181. Sjølvsagt tydde dette stor politisk legitimitet for ein jødisk stat, men faktisk òg for ein palestinsk stat. Tilrådinga blei ikkje følgd opp av nokon relevant aktør – korkje Tryggingsrådet, Storbritannia eller andre statar.

Elgvin viser til at palestinarane skal ha fått «gode» tilbod om ein eigen stat fleire gonger i forhandlingane. Det er berre ikkje rett. Tilboda har aldri handla om reelt sjølvstende og andre sjølvsagde rettar palestinarane har ifølgje folkeretten. Å gå gjennom desse forhandlingane og dei ulike framlegga fører for langt i dette ordskiftet. Men eit godt prov på at Israel aldri har meint alvor med ein palestinsk stat, er den konstante auken i busetjingar, konfiskeringa av stadig meir palestinsk land, anneksjonen av Aust-Jerusalem – og sist, men ikkje minst, den klare avvisinga av ein palestinsk stat i det heile. Noko som vart uttrykt allereie i Likud si valplattform i 1977, og som regjeringane til Netanyahu – og reelt sett alle andre regjeringar òg – har halde seg til.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement