Innvandring
Integrering krev inkludering
«Kvifor blir europeiske arbeidsinnvandrarar oversette i integreringsdebatten? Skal ikkje dei same krava stillast til dei?»
Statsråd Kjersti Stenseng skriv om « Klarare rammer i integreringspolitikken » i Dag og Tid 21. november 2025. Det går fram av innlegget at statsråden meiner det skortar på eigeninnsats frå flyktningane, sjølv om styresmaktene kjem med tilbod og stiller opp med «verktøy». Den enkelte må kvalifisere seg og «aktivt oppsøkje ein jobb», skriv ho, som om dei ikkje ynskjer å kome i arbeid. No skal det stillast klåre krav til nykomne flyktningar om at dei må lære seg norsk, jobbe og «integrere seg» i samfunnet. For å få til dette skal dei signere ei «integreringserklæring».
Det er ganske nedslåande at politikarar ikkje søkjer etter forskingsbasert kunnskap og råd frå folk med erfaring innanfor innvandringsfeltet, i staden for å kome med slike utspel. Stenseng ser bort frå at integrering er ein tosidig prosess som den dominerande majoriteten er ein part i. Å bli inkludert og motteken med velvilje i staden for utestenging og stigmatisering er heilt avgjerande. Det er til dømes påvist at mange arbeidsgjevarar systematisk legg bort søknadar med utanlandske namn.
Utfordringa til Stenseng er å gjere tiltak for å senke terskelen til jobbmarknaden for dei som møter ekstra hindringar i arbeidslivet. Korleis fungerer arbeidsformidlinga til Nav? Det er få jobbar for ufaglærte no. Korleis kan dei få opplæring?
Ein må skilje mellom flyktningar og arbeidsinnvandrarar. Flyktningar kjem frå mange ulike land, frå storbyar og landsbygd, med høg utdanning eller lite skulegang. Felles for dei er traume, sorg og sakn. Flyktningar blir busette i kommunar rundt om i landet, også i kommunar prega av fråflytting og arbeidsløyse. Bagasjen dei ber på, og korleis dei blir møtte, avgjer korleis det går. Nøkkelpersonar med ansvar for opplæring av barn og vaksne treng kunnskap og erfaring og må mobilisere friviljuge krefter i lokalsamfunnet.
Etter utvidinga av EU i 2004 kom ei stor bølgje av arbeidsinnvandrarar. Polakkane er framleis den største innvandrargruppa etter landbakgrunn. Å vere i jobb er ikkje nok for å vere ein fullverdig deltakar i samfunnet. Ifylgje Fafo kan ikkje polakkar flest særleg mykje norsk. Kvifor blir europeiske arbeidsinnvandrarar oversette i integreringsdebatten? Skal ikkje dei same krava stillast til dei, og ikkje minst til arbeidsgjevarar som utnyttar dei?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.