Sjakk
Unge usbekarar
Raset Ziatdinov (f. 1958) rekte opp handa som sjuåring – og blei stormeister.
Javokhir Sindarov (til venstre) mot landsmannen Nodirbek Abdusattorov.
Foto: Lennart Ootes / Tata Steel Chess
To av dei beste sjakkspelarane i verda kjem frå Usbekistan. I storturneringa i januar i Wijk aan Zee i Nederland vann Nodirbek Abdusattorov (21) med 9 av 13 poeng føre Javokhir Sindarov (20) på 8,5. Dei to var heilt suverene.
Verdsmeister Gukesh (19) fekk berre 6,5 poeng på 10. plass.
Eg er fascinert av sjakkmirakelet i Usbekistan. Abdusattorov og Sindarov er allereie superstjerner i heimlandet, men som alle andre byrja dei med to tomme hender og eit godt hovud. Det er sjakkens føremon – at alle born over heile verda har ein sjanse til å hevda seg. Ein må berre læra seg reglane og nytta hovudet.
Den usbekiske stormeisteren Raset Ziatdinov (f. 1958) fortalde korleis han sjølv byrja med sjakk. Historia (her forkorta av meg) er universell og får meg til å tenkja på møtet mitt med skulesjakken på Ila i Oslo som sjuåring i 1979:
Far min spela ofte sjakk på gardsplassen med kameratane sine. Han lærte meg ikkje spelet, men eg snappa opp noko, som at hesten går i mønsteret L. Lagnaden min endra seg den dagen gymlæraren kom inn i klassen og spurde: «Er det nokon som kan spela sjakk?»
Ingen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.