Kommentar

Cuba mot år null

Februar 2026 kan bli sjølve lagnadsmånaden for den cubanske revolusjonen.

Cubanarar, som har vakse opp i kø, står i brødkø i Havanna.
Publisert Sist oppdatert

I 67 år har Cuba vore den konstante plageånda til 14 USA-presidentar. Den vesle karibiske myggen rett utafor stovedøra har aldri late sjølve elefanten i verda i fred.

Det tok til med at den liberale demokraten John F. Kennedy vann presidentvalet mot kaldkrigsrepublikanaren Richard Nixon ved å skulde han, som sittande visepresident, for å ha «tapt Cuba til kommunistane». For å vise kor mykje hardare han var i klypa, beit Kennedy på fantasiane frå CIA om at ein invasjon i Grisebukta i 1961 ville vere «a walk in the park».

Den fiaskoen gav Fidel Castro eit makelaust høve til å feire «imperialismens første nederlag i Amerika» så lenge han levde. Men det gjorde òg at han godtok ønsket til sovjetpresidenten Nikita Khrusjtsjov om å installere atomrakettar på øya i 1962, noko som tok menneskeætta nærare atomkrig enn nokon annan gong.

Sidan det har Castro og Cuba for fleire generasjonar, ikkje minst for andre latinamerikanarar, vore sjølve symbolet på eit lite, sosialistisk eksperiment som har klart å overleve trass i alle forsøk frå verdas mektigaste nasjon på å knuse revolusjonen og drepe den ikoniske leiaren.

I fleire tiår var Cuba den einaste skikkelege velferdsstaten i Latin-Amerika, ja, eigentleg i heile den tredje verda. 

Problemet var at denne sosiale tryggleiken ikkje var basert på eigen produksjon, men på rause subsidiar frå Sovjetunionen. Og så var det sjølvsagt stor mangel på forbruksvarer og verken demokrati eller fulle menneskerettar. Då Sovjetunionen rasa saman, trudde difor dei fleste at det også var slutten for Cuba, som for vasallstatane i Europa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement