Pedagogikk
Innhaldslistene bør feirast
Bjørn K. Nicolaysen løftar i førre nummer av Dag og Tid diskusjonen kring innhaldslistene frå skulestyresmaktene til eit moralsk nivå, og avfeiar at han er ideologisk. Men sjargongen hans er likevel kritisk-ideologisk, idet han hevdar at «dannelse» ber i seg «hegemoniske oppfatningar». Eg meiner bekymringane hans er grunnlause.
Utdanningsdirektoratet skriv på nettsidene sine at «listene skal støtte arbeidet med verdigrunnlaget, og bidra med felles referanserammer og auka innsikt blant anna i felles historie, kulturarv og tradisjonar». Dette er ei sterk vedgåing frå Udir. Det hastar å nemne konkret kva som skal lærast når, for dette er ikkje spesifisert godt nok i læreplanane. Innhaldslistene vil rette på mangelen. Dersom elevar skal lærast opp til å bli deltakande i eit demokratisk samfunn, trengst det at både planverk og lærarar instruerer dei. «Appetittfôring» i skulen gjev feil kosthald.
Elevar treng konvensjonell kunnskap. På eiga hand får dei ikkje tak i det som trengst for å bli deltakar i samfunnet. Delt kunnskap er viktig for demokratiet vårt og sivilisasjonen vår.
Kunnskapen veks ikkje ut biologisk som greiner på eit tre, han treng å få uttrykk og bli formidla. Dette er ikkje å ha eit umoralsk elevsyn, slik Nicolaysen ymtar.
Skuleverket treng at professorar gjer det som tittelen tyder: Kunnskap skal erklærast og formidlast, ikkje møtast med offerrolle og sjølvumyndiggjering. Slikt strir imot Immanuel Kants opplysingsfilosofi.
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste
månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.