Stig Skreslet skal ha takk for turen han tar oss med på i Dag og Tid 16. desember, sørover helgelandskysten, der han forklarer korfor meløyfjerdingar med rette kan seie at dei kjem frå Helgeland. Kanskje Håvard Rem blir inspirert til å følgje han på fleire turar langs kysten og få fleire glimt av historiske hendingar eller dagsaktuelle stridstema?
At han ved ein skrivefeil forvanskar Alstahaug til Alstadhaug, skulle eg lett ha oversett. Men når redaksjonen ukommentert gjentar skrivefeilen med utheva skrift øvst på sida, då bør det vere plass for ein korreksjon. For kyrkjesoknet Alstadhaug ligg i Levanger, mens garden, soknet og kommunen Alstahaug ligg sentralt på Helgeland.
Ein uhistorisk stum «d» kunne villeie folk til å tru at «Alstad» som andre gardsnamn på -stad hadde sitt opphav frå vikingtid eller der omkring. Men i vikingtida låg Alstahaugs «Haugr» på øya som i Egilssoga er kalla «Álöst», eit namn som alt då var urgammalt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.