JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Ikkje noko liv er smertefritt

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1720
20230707
1720
20230707

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Kvalfangst

Håkon Dag Sørland hevdar i eit innlegg om kvalfangst i Dag og Tid 30. juni – rett nok indirekte – at eg ikkje bør vere verken jeger eller slaktar, sidan eg ikkje straks kan fastslå om eit dyr er dødt.

Når eg nok likevel kjem til å nytte meg av mi nyleg beståtte storviltprøve når hjortejakta byrjar 1. september, er det fordi eg held fast ved at å slå hundre prosent fast om eit dyr er dødt eller berre medvitslaust etter å ha gjeve det enten eit rifleskot på 180 meter eller ein boltepistol rett i hovudet, det er ikkje lett. Det er difor vi bedøver fyrst, og avlivar etterpå. For å vere på den sikre sida.

Eg veit ingenting om Sørland si erfaring med slakting og jakt. Heller ikkje veit eg kor han har det frå at ein av fem kvalar vert skadeskotne, når Havforskingsinstituttet har undersøkingar som syner at berre 0,37 prosent av dyra vart skadeskotne. 92 prosent døydde momentant.

Sørland hevdar vidare at inga slik liding – altså at det tek opptil 25 minutt frå kvalen er skoten til han er død – kan aksepterast. Det står han sjølvsagt fritt til å meine, men eg tek meg lov å spørje korleis han trur kvalen døyr elles? Er det smertefritt å strande på ei strand, døy i barsel, verte angripen av ein hai eller svelte i hel? Spør du meg, er det einaste som er meir humant med det – jamført med ei berekraftig jakt som gjev oss sunn mat samstundes som vi forvaltar økosystemet i havet – at det kan gje oss menneske mindre blod på hendene, og med det ei kjensle av betre samvit medan vi stappar i oss broilerkyllingane våre. Både smerte og menneskearten er – kanskje diverre, men likevel heilt og fullt – ein del av naturen.

Siri Helle er fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis