Langrenn

Ikkje gløym treskia

Publisert Sist oppdatert

Arne Hjeltnes skreiv på Innsida 10. april om Evi Ski , omtala som den siste skifabrikanten i Noreg. Dette stemmer ikkje heilt. Rønning Skifabrikk på Skotterud har sidan 1936 laga tradisjonelle treski og gjer det enno. Det er flott at treski enno blir produsert i landet. Enno finst det folk som ser føremonane i gå på ski av tre. Ikkje minst er det lettare for barn å lære å meistre skigåing. Treski gir brukbart feste og glir passe unna.

Plast og glasfiber kom inn i skiproduksjonen med rykande fart på 1970- og 80-talet. Men kunststoffa klarte aldri å kopiere spensten til trefiberen. Så dei fleste skia av kunststoff hadde – eller har – ein kjerne av tre. Når ei treski knekk, gjer ho det i tuppen, og du kan med reservetupp koma deg heilskinna heim. Kunststoffskia har vist seg å knekke på midten, og det er totalhavari. Då stend du der. Godt preparerte treski gjer enno god nytte i både flatt og bratt lende. På kaldt blåføre er det ingenting som slår godt tjørebreidde treski.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement