Frå innsida

Den siste skifabrikanten

Publisert

På Oppdal held Endre Hals til i ein gamal låve frå 1814. I mange låvar i landet vårt skjer det artige saker. Det gjer det hjå Endre Hals òg. Sidan 2009 har han laga moderne ski for hand på Øverlønset. Endre, som er utdanna industridesignar, vart inspirert etter å ha sett seg inn i den gamle japanske sverdtradisjonen.

Han vil laga noko som er eit alternativ til den globale skiproduksjonen. Den fyrste skia han laga, som eit studentprosjekt, heitte Katana og var inspirert av japanske samuraisverd. Skia til Endre har lag på lag med nøye utvalde materialar. Han freistar å laga dei utan plast og brukar norsk tre som kjerne. Skifabrikken heiter Evi Ski, nettopp fordi desse skia skal vara evig. Sjølv om dette er handlaga ski til laussnøkøyring, alpinbakkar, fjellturar eller telemark, så er teknologi og moderne tenking involvert. Kvar ski har sitt eige «DNA» som gjer ho unik.

Det måtte altså ein ivrig skikøyrar i ein gamal låve til for å laga verdas fyrste sirkulære ski. For knekker du ei ski eller slit ho ut, kan du levera ho attende til Endre, så bygger han skia opp att. Etter ein ny runde i låven vert ho faktisk endå betre enn fyrsteutgåva, meiner han. Nokre ski har fått nytt liv både to og tre gonger.

Endre har fleire modellar. Nokre passar til fleire av oss, men du kan òg tinga skreddarsaum etter høgd, vekt og skibruk. Og du kan velja korleis skia skal dekorerast. Fleire har hunden sin på dei, eller favorittfjellsida eller til og med kjærasten.

Noreg har hatt mange skifabrikkar, men det er altså berre éin igjen som lagar moderne ski.

Du får handlaga ski frå Øverlønset for 8000–9000 og oppover.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement