Debatt I politikk
Høgrepartiet Venstre
Venstre-leiar Guri Melby smiler på valkampstanden på Karl Johan i Oslo.
Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB
Mímir Kristjánsson i Raudt skriv at han hentar inspirasjon frå Venstres tidlege historie, frå Johan Sverdrup og Johan Castberg (Dag og Tid 15. august). Ja, den gongen stod Venstre til venstre. Høgre var motstandaren. Nå er dei to partia allierte.
Det er interessant å slå opp i historiebøker og lesa om den politikken Venstre førte i sin ungdom, og sjå det i lys av det partiet er i dag: I 1884 mobiliserte det nystarta Venstre folk om parlamentarisme og folkestyre, i opprør mot (det nystarta) Høgres embetsmannsstat.
I åra fram mot 2021 administrerte Venstre, saman med Høgre, eit regime der gapet mellom folkemakt og økonomisk elitemakt fekk veksa på nytt.
I 1909 loste Castberg igjennom lova om heimfallsrett for utbygde vassdrag, til sterke protestar frå Høgre. I 2020 såg regjeringspartiet Venstre på at heimfallsretten vart omgått, mellom anna i min heimkommune, Suldal.
«Venstrepolitikerne var skremt av det dominerende innslag av fremmed kapital,» skriv Per Fuglum i Cappelens Norges historie. Under Solberg-regjeringa la Venstre, med næringsministeren sin, nasjonale felleseigedommar ut for sal, av ideologiske grunnar. Det høyrer med til historia at i vår tid er Noreg eit rikt land som ikkje har behov for å selja seg ut bit for bit. I Castberg og Gunnar Knudsen si tid var landet fattig, statskassa kunne sårt trenga påfyll. Likevel tok dei kampen.
Castberg igjen: Han og Venstre gjorde dei første opptaka til ein meir human offentleg sosialpolitikk, velferdsordningar som Nygaardsvold og Gerhardsen førte vidare. Høgre hadde ikkje råd. Solberg–Jensen-regjeringa, med Venstre på laget, sette i gang ei metodisk utholing av offentlege velferdsordningar og lova om arbeidsmiljø. Dei sleppte til useriøse bemanningsbyrå på byggjeplassane og lét internasjonale, privateigde konsern driva og profittera på sosial omsorg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.