Utanrikspolitikk

Høgre viser veg i utanrikspolitikken

Oslo 20241204. Nikolai Astrup (H) i den muntlige spørretimen på Stortinget.Foto: Thomas Fure / NTB
Nikolay Astrup på Stortinget.
Publisert Sist oppdatert

Iver B. Neumann påstår i Dag og Tid 27. juni at Høgre ikkje har eigne meiningar i utanrikspolitikken, og at Arbeidarpartiet og Høgre er like i EU-saka. Det er sjølvsagt feil. Høgres ja til EU har stått fast over tid, andre parti har gått frå ja til nei (Frp) eller frå nei til ja (MDG, V), medan Arbeidarpartiet ikkje har greidd å avgjere sitt standpunkt.

Høgres landsmøte i mars vedtok å jobbe aktivt for norsk EU-medlemskap. Arbeidarpartiet vil ta saka til sitt landsmøte dersom spørsmålet om medlemskap skulle bli aktuelt. Høgre viser veg. Arbeidarpartiet følger etter. Dei som vil at Noreg skal ta plass ved borda der Europa drøftar og tek avgjerder om helse, satellittsamarbeid og forsvarsindustri, må røyste Høgre.

Ikkje eit markeringsbehov

Neumann les Høgres syn på konflikten i Midtausten som uttrykk for eit markeringsbehov. Det motsette er tilfelle. Me må prioritere strengare i utanrikspolitikken, og Midtausten er eit døme på ein konflikt der andre land no har betre høve enn Noreg til å påverke i riktig retning.

Espen Barth Eide har plassert norsk Midtausten-politikk i ein ytterkant blant vestlege land, og Israel har kutta nærmast all offisiell kontakt med Noreg. Samstundes stig dødstala i Gaza kvar dag, og FN kallar lidinga og brutaliteten utoleleg. Høgre fordømmer israelske folkerettsbrot. Norsk og internasjonal innsats i regionen må ha som hovudmål å betre vernet av sivile.

Tre ting

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement