Historikaren med ideologiske og politiske briller

Publisert Sist oppdatert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Halvor Tjønn seier i nummer 42 av Dag og Tid at «Hegna skal ha ros for at han held eit viktig spørsmål varmt». Dette har han sjølv sytt for i mest kvart nummer av Dag og Tid, og i svar til meg avviser han alt som folk med tung autoritet grunngjev Vestens medansvar for krigen i Ukraina med.

Tjønn kan vel eigenleg vera tilfreds med situasjonen – som viser kor fæl Putin er (det meiner eg òg), og no er han på vikande front. Og i intervju i Aftenposten 22. oktober seier Tjønn at «Europa kan ikke leve med et totalitært Russland». Det er ein krig mellom to styresett: «Russland er nødt til å bli et moderne demokrati om Europa skal bli et fredelig sted.»

Tjønn seier elles i intervjuet at «Vesten til en viss grad kan takke sin egen naivitet for at man kom dit man er. Vesten hjalp Russland gjennom krisen som oppstod etter Sovjetunionens fall. Men vi satte ingen betingelser for hjelpen, ingen krav om endring i den politiske tenkningen».

Var det hjelpa? Om den uttalar Kåre Willoch seg i boka i boka han gav ut i 2018, saman med Torbjørn Røe Isaksen.

I 1991 var «USA konge på haugen, og Russland lå i grøfta», sa Sverre Lodgaard i kronikk i Aftenposten. Kva meiner Tjønn ein då måtte ha gjort for å få oppfylt «betingelsene»? –

«Vladimir Putin har utnyttet den imperialistiske mentalitet som har ligget latent i folkedypet frå gamalt av», seier Tjønn. Kven var ikkje imperialistar i gamledagar, og var det ein ‘stygg’ imperialisme å taka Krim frå Tyrkia? Sibir var nesten folketomt og utan statsdaningar.

«Det som er klart, er at ingen i Vesten har sysla med planar om å øydeleggja eller til og med stykka opp den russiske staten», seier Tjønn. Kva meiner då amerikanarane når dei seier at målet er «Russland varig svekket»? – Og i Sovjet-tida (1951/52) hadde Amerikanske blad framsidebilete med atomsopp over Moskva, og av kart over Russland med ein amerikansk soldat og påskrifta «Soviet occupied».

Krigen i Ukraina har vist at Russland ikkje er ei overlegen militærmakt. Kan då Russland, som har eit nasjonalprodukt på storleik med det til Italia eller Spania, føra imperialistisk åtakspolitikk mot grense-statane? – Likevel held opprustinga fram – her i landet har militær-budsjettet auka med fleire milliardar.

Russland har alltid vore ein fredeleg granne til Noreg. Likevel har me late USA få etablera base utanfor viktigaste flotehamna til Russland.

Russarane har hatt ekstreme opplevingar av krig – med tap av 27 millionar menneskeliv og landet øydelagt. Dei kjenner seg krenkte av Vesten, som ikkje vil anerkjenna sigeren deira over Hitlers krigsmaskin.

Ein kan spørja korleis Kåre Willoch kunne ha ei anna haldning til Russland enn Halvor Tjønn (ogso uttrykt i boka frå 2018). Willoch og eg var 13 år gamle i 1941, og me fylgde engasjert med på krigen i Russand.

At Vestens politikk andsynes Russland ikkje er ei medverkande årsak til krigen i Ukraina, er meiningslaust å hevda. Ukrainarane lir i ‘stedfortrederkrigen’ , og heile verda er vorten ugrei. Dette hadde det vore mogeleg å unngå.