JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Kunne Vesten ha handla på anna vis?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2964
20221021
2964
20221021

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ukraina-krigen

I siste utgåva av Dag og Tid har Hallvard Hegna eit innlegg der han spør om ikkje også Vesten har noko av ansvaret for den krigen som no går føre seg i Ukraina. Hadde Vesten og Nato teke meir omsyn til dei tryggingspolitiske interessene til Russland, hadde denne krigen kanskje aldri kome i stand, meiner Hegna, om eg tolkar han rett.

Hegna skal ha ros for at han held eit viktig spørsmål varmt. Ikkje minst for Nato – som skal vera ein allianse av demokratiske statar – er det viktig alltid å hausta lærdom av den nære fortida, og ikkje minst av den pågåande krigen. Europa er sjølve opphavsstaden for demokratiet, men så er stoda den at den største staten på dette kontinentet – Russland – aldri har vore demokratisk og neppe blir det på generasjonar. Spørsmålet Hegna tek opp, handlar – slik eg ser det – om korleis eit demokratisk Europa har takla eit udemokratisk Russland, og korleis me skal leva med det same Russland i tiåra som kjem.

Det som er klart, er at ingen i Vesten har sysla med planar om å øydeleggja eller til og med stykka opp den russiske staten, slik Putin fleire gonger har hevda at me har. Fordi Vesten stadig har dette på dagsordenen, var det naudsynt for Russland å angripa Ukraina, for slik å rydda av vegen ein trojansk hest innanfor den austslaviske folkefamilien, hevda Putin. Krigen mot Ukraina var difor eit reint førekjøpsåtak, altså eit åtak for å avverja eit anna åtak, påstår den russiske leiinga.

Problemet me som europearar blir stilte overfor i denne russiske argumentasjonen, er at ein imperialistisk tenkjemåte ligg i botnen. Regimet til Vladimir Putin meiner at Russland skal ha rett til å diktera eller i det minste å ha eit veto over utanrikspolitikken til dei eks-sovjetiske statane. At Russland hadde hatt eit slikt veto, hadde kanskje vore det beste for freden på det europeiske kontinentet. Russarane hadde då hatt ei sone der dei bestemte, akkurat slik det var i sovjetperioden. Problemet er at mange i den tidlegare Sovjetunionen ikkje vil leva i ei slik sone. Folket i Belarus vil det ikkje, og heller ikkje folket i Ukraina eller i Georgia. Då må me i Vesten finna ut kva for side me står på: på Putin-regimets side eller på folkets side?

Ein merknad til: Sjeldan har det føre ein krig vore fleire diplomatiske framstøytar enn det me såg vinteren 2021/22. Om Putin hadde ynskt ei fredeleg løysing, hadde han fått det. Alle visste at ein ukrainsk medlemskap i Nato i alle høve låg langt inn i framtida. At USA skulle plassera ut rakettar i Ukraina som kunne nå Moskva, var heller ikkje aktuell politikk. Etter at Ukraina om nokre månader eller år har vunne krigen, vil mykje bli sett inn på å få landet inn i Nato. Avskrekkande våpen på ukrainsk jord som vil peika mot Moskva, er heller ikkje usannsynleg. Putin vil gå inn i russisk historie som ein mislukka leiar som tok heilt feil.

Halvor Tjønn er forfattar
og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

<

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis