Debatt

Helsetala frå Hamas er feil

Publisert

Øystein Kobbeltveit har full tillit til dødstala frå Hamas. Han viser til fleire undersøkingar som han meiner kan stadfesta dette, og klårgjer at tala kjem frå palestinske sjukehus, som då er Hamas-kontrollerte kjelder.

Han er kanskje ikkje klar over at tala frå Hamas er tilbakevist. Matematikaren Abraham Wyner ved University of Pennsylvania har gått nøye gjennom tala for det fyrste halve året av krigen. Han konkluderte at dei ikkje kan vere reelle.

1. Tala frå Hamas viser jamn auke av talet på drepne per dag. Det er særs usannsynleg av di Israel ikkje bomba like mykje kvar dag.

2. Det burde vere samanheng mellom talet på drepne kvinner og born, sidan det stort sett er kvinnene som passar borna. Hamas sine tal viser ingen slik samanheng. To dagar det ikkje var nokre drepne kvinner, var det 90 og 135 drepne born. Og dei to dagane med flest drepne born, 135 og 160, var det stor skilnad på tala på drepne kvinner: 70 og 170.

3. Ein skulle tru at det var samsvar mellom talet på drepne kvinner og menn. Slik er det ikkje. Grafen viser omvend samanheng. På dagar med ingen drepne kvinner var det flest drepne menn: 160–170, og på dagar med ingen drepne menn var det flest drepne kvinner: 160–200. Dette kan ein ikkje festa lit til.

Noko anna merkeleg: Hamas-tala viser at frå 7. oktober til 31. desember vart 259 menneske drepne kvar dag, men etter nyttår berre 136. Krigføringa gjekk ikkje ned til det halve.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement