Utanriks

Helsetal frå Gaza – replikk til Gjerme

Publisert

I Dag og Tid 9. januar sår Bjarne Gjerme tvil om tala på drepne i Gaza rapporterte av palestinske helsemyndigheiter, og spør korleis medium som NRK kan vidareformidla desse i god tru. Svaret er enkelt: fordi tala er stadfesta av både FN og fleire uavhengige undersøkingar. FNs kontor for menneskerettar (OHCHR) har i tidlegare konfliktar funne tapstal som samsvarer godt med dei palestinske, stundom har FN sine eigne estimat vore høgare. Ein analyse i The Lancet frå 2023 konkluderte med at det ikkje finst grunnlag for å tvila på validiteten til tala frå oktober 2023. Det same fann forskarar ved Universitetet i Uppsala. Også israelsk etterretning har vurdert tala som truverdige.

Rapporteringa kjem hovudsakleg frå palestinske sjukehus, eit arbeid sterkt forstyrra av Israels bombing av helseinstitusjonar. Per oktober 2025 var færre enn 14 av 36 sjukehus delvis operative. Nokre peikar på risiko for overrapportering, medan andre meiner indirekte dødsfall som følgje av krigen må reknast med. I The Lancet i juli 2024 vart det estimert at så mange som 186.000 kan ha døydd som følgje av krigen – nær 8 prosent av Gazas folkesetnad.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement