Ordskifte

Antisemittisk gift

«Hamas hadde naturlegvis interesse av eller fått ordre om å presentera så store tal som mogeleg.»
 

Publisert Sist oppdatert

I Dag og Tid 19. desember legg redaktør Svein Gjerdåker fram høgst viktige og aktuelle tankar om den antisemittiske gifta. Ja, dette er ei farleg gift som lammar vurderingsevna og får fram det aller verste i dei menneska som inhalerer denne giftgassen. Fint at Gjerdåker på ein så tydeleg måte spreier kunnskap om dette problemet som gjerne dukkar opp på uventa stader og tidspunkt.

Det er likevel eit spørsmål om det er faktorar i verda og i samfunnet rundt oss som gjev negativ påverknad. Kva til dømes med krigen som Hamas, i hovudsak utgått frå Det muslimske brorskapet, starta for over to år sidan?

Hamas greidde etter kort tid å overta offerrolla. Nesten dagleg sende Hamas ut meldingar om Israel sin brutalitet, med store tal på drepne og skadde. Nyhendeformidlarar har vore lojale overfor denne radikalt islamistiske organisasjonen og rekna flittig saman desse tapstala. NRK garderte seg med kvar gong å opplysa om at dette var Hamas eller palestinske helsestyresmakter sine tal. Og Hamas hadde naturlegvis interesse av eller fått ordre om å presentera så store tal som mogeleg. Etter dette reknestykket var tapstalet passert 60.000 for noko tid sidan.

Kvifor hadde Hamas fritak frå kravet om å dokumentera «opplysningane» sine? Tapstala gjorde likevel inntrykk og vart etter kvart oppfatta som fakta i store delar av opinionen.

Israel si oppfatning av situasjonen fanga lita interesse. Men den 7. oktober 2023 vart det klart for dei aller fleste i Israel at Israel hadde berre to val: anten å demontera staten Israel og evakuera alt folket, eller å ta eit alvorleg oppgjer med Hamas, det islamske brorskapet i Gaza. Israel såg seg tvinga til å ta på alvor det som Hamas har proklamert i artikkel 6 i charteret av august 1988: «Den islamske motstandsbevegelsen vil kjempe for å reise Allahs banner over hver eneste tomme av Palestina.»

Det har vore hevda at Hamas modererte seg frå 2007. Dette kan ha samanheng med den store tabben Israels styresmakter gjorde i 2005, då dei tvangsflytta om lag 8000 jødar frå Gaza. Vona var at det då skulle verta fredeleg på den kanten. Men kva hende? Frå 2007 tok det til regna rakettar over sivile område i Israel. Og Israel svara først med å investera i bomberom og varslingssystem, og bomberomma vart klasserom for skuleborna i dei mest utsette områda.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement