Debatt
Grunnlause påstandar
Elektrokonvulsiv behandling, ofte kalla elektrosjokk, blir brukt mot blant anna depresjon.
Illustrasjon: Kateryna Kon / Shutterstock
I eit nytt lesarbrev om elektrosjokk (ECT) hevdar Knut-Jørgen Plesner at John Reads undersøking frå 2025 er «den største undersøkelse noensinne av pasienter som har fått elektrosjokk». Det er svært langt frå sanninga. Read og medarbeidarar fekk inn svar frå 858 pasientar og ein del pårørande, medan det svenske kvalitetsregisteret har publisert studiar med utgangspunkt i over 20.000 ECT-behandla pasientar.
Plesner prøver elles å visa at ECT-behandling kan gjeva varig hjerneskade. Argumentasjonen hans byggjer på heilt misforståtte oppfatningar om ECT-teknikk, om epilepsi, og om kva som skjer i hjernen under ECT.
Han skriv at straumen ein nyttar til ECT, er både sterk og farleg. Det er feil. Straumen er svak (pulsa likestraum) – heilt ulik den farlege og kontinuerlege vekselstraumen i heimane – og stimulerer hjernen i nokre få sekundar slik at det blir utløyst eit kortvarig og kontrollert, epilepsiliknande anfall.
Vidare skriv Plesner at epileptiske anfall kan føra til hjerneskade. Det er kjent at hjerneskade kan førekoma i heilt spesielle tilfelle, til dømes etter langvarige epilepsi-anfall. Dette er ikkje relevant for ECT sidan det ikkje er tale om epilepsi knytt til sjukdom i hjernen, men om epilepsiliknande anfall etter stimulering av ein elles frisk hjerne.
Spørsmålet om ECT kan føra til hjerneskade, er godt undersøkt på ulike måtar, sist i ein internasjonal MR-studie der fleire forskarar frå Haukeland universitetssjukehus var med. Dei fann ingen haldepunkt for hjerneskade etter ECT. Andre har vist, i store studiar med fleire tusen pasientar, at ECT ikkje aukar risikoen for slag eller demens.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.