JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Grieg visste skilnaden på krig og fred

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2853
20230210
2853
20230210

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Nordahl Grieg-dikt

Håvard Rem svarer meg i Dag og Tid 3. februar. Han meiner det ikkje er relevant å knyte «Til ungdommen» til det konkrete høvet diktet var skrive til – «Russefesten» i Studentersamfundet, som eit innlegg skrive på oppdrag mot ein fascistisk og konservativ aksjon, ei «meget interessant» oppgåve ifølgje Grieg sjølv. Det er ei underleg form for historisering. Vidare hevdar Rem at sidan eg ikkje peiker på ein konkret tekststad i «Til ungdommen» som knyter det til sjølve festen, er hans tolking – diktet er eit utslag av kommunistisk avmilitariseringsstrategi – betre. Kva tekststad viser Rem til?

Kamp mot krigshissing og kamp mot fascismen var to sider av same sak for Grieg, med røter i Griegs tidlegare borgarlege pasifisme, som òg samsvarte med den kommunistiske vendinga. Slik blei diktet forstått i samtida. Mannen som bad om diktet, Trond Hegna, uttrykker tendensen slik: «samling av arbeidere og intellektuelle mot krig og diktatur». Trengst sitatprov for ei slik lesing?

Grieg meinte aldri at krigen kunne vinnast med ånd. Men Noreg var ikkje i krig i 1936, og «Til ungdommen» vende seg til ein faktisk politisk situasjon «før katastrofen», slik Grieg skreiv i eit brev til søstera på same tid som han skreiv «Til ungdommen». I 1937 skreiv han om den spanske borgarkrigen: «Vi i vårt land er skånet. / Vi går i vår trygge fred. / Krev derfor mer av ditt hjerte, / fordi du ikke er med. // Hjelp dine spanske brødre, / gi dem som takk din hånd. / De holder den fronten du tror på: / Menneskets frie ånd!» Eg held fast på dette: Grieg visste godt at «den frie ånd» kunne bli avhengig av vald.

Rem har peika på ei kopling mellom «Til ungdommen» og «Øya i ishavet», når det gjeld metrikk, strofeform (halvparten av Grieg sine dikt er i denne forma) og at innhaldet i to strofer i kvart dikt speglar kvarandre. Men det er ikkje dekning for at «Øya i ishavet» går til åtak på haldningane i «Til ungdommen». Det er ikkje Grieg som har endra meining, men situasjonen som har endra seg. Det ser vi om vi les heile teksten i dikta, ikkje berre enkeltstrofar, slik Rem gjer.

I «Øya i ishavet» set Grieg opp ein kontrast mellom Jan Mayen og Noreg, sommar og vinter, krig og fred. Diktet utspeler seg i ishavet og i krigen, men sommaren og freden som har vore og som skal komme, rettferdiggjer den umenneskelege valden. Ivar Havnevik formulerer det slik i lesinga si: «[v]ed handling på tvers av egne idealer sikres idealenes framtid i et samfunn vi vet skal kunne gi rom for dem». Ideala frå «Til ungdommen» lever vidare i draumen om ei ny slekt. Ein annan parallell spring meg i auga: Det var den same tanken om ei paradisisk framtid Grieg brukte til å forsvare Stalins utreinskingar.

Kristoffer Jul-Larsen er førsteamanuensis i norsk litteratur ved Høgskulen på Vestlandet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis