Førre veke presenterte underskrivne ein såkalla metaartikkel om IQ skriven av den newzealandske psykologen James Flynn, som meiner å kunne dokumentera eit fall i IQ i Nord-Europa og særleg i Norden. IQ-en her i Noreg steig for kulla fødde fram til 1975, så byrja han å falla for kulla etter. Dette funnet er kjent og såkalla robust. Flynn bygde den nye artikkelen på ei rekkje ulike testar frå ei rekkje ulike land og utarbeidde så ein fart for den endringa han såg. Om det årlege fallet held fram i heile perioden mellom 1995 og 2025, vil dei fødde i 2005 ha 6,8 færre IQ-prosent enn dei fødde midt i 1970-åra, er konklusjonen til Flynn.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.