JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Genetisk essensialisme?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
DNA-testing.

DNA-testing.

Foto: Rich Pedroncelli / AP / NTB

DNA-testing.

DNA-testing.

Foto: Rich Pedroncelli / AP / NTB

4111
20230421
4111
20230421

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Det samiske

Sist veke hadde Aina Westrheim Ravna, professor i farmakologi ved UiT, eit innlegg her i avisa i samband med essayet «Om det norske og det samiske». Spørsmålet vi diskuterer er i kva grad ein genetisk studie – «The Western and Eastern Roots of the Saami – the Story of Genetic ‘Outliers’ Told by Mitochondrial DNA and Y Chromosomes», gjort av professor Kriistina Tambets og andre – kan reknast som solid vitskap eller ikkje. Kjelda mi, professor i evolusjonær genetikk Mark Thomas ved University College London, meiner han ikkje kan det.

Studien er frå 2004. Men det er ikkje derfor professor Thomas meiner han ikkje held mål. Det er fordi metoden (fortolkande fylogeografi) har vist seg å ha så mange påviselige veikskapar – i motsetnad til Newtons mekanikk og dei andre eksempla professor Ravna viser til.

Det har vore store endringar i den genetiske vitskapens metodar og teknologi i tida etter at studien blei gjort: DNA-sekvensialisering av heile genom; «genotyping»; forbetra teknologi for å behandle oldtids-DNA. Mykje større datamengder er blitt tilgjengeleg, verktøya for å analysere dei er forbetra; metodane for dataanalyse og inferens er også forbetra. Alt dette har ført til meir detaljerte, sikre og nyanserte forståingar av populasjonshistorier.

I dag kan ein enkelt og billeg få fram data frå heile genomet, og dette er enormt meir informativt enn mtDNA. Det har aldri vore påvist at fortolkande fylogeografi er ein metode som faktisk verkar, ifølge professor Thomas.

Akkurat dei same problema er ifølge Thomas knytt til den langt nyare studien Ravna nemner (Kristjansson, 2022: «Evolution and disperspersal of mitochondrial DNA haplogroup U5 in Northern Europe»).

Professor Ravna skriv: «I Tambets’ artikkel er et sentralt funn at samisk DNA utgjør et helt unikt avvik i europeisk sammenheng. Spesielt dreier det seg om det samiske genet U5b1b1, som skiller seg fra alle andre europeiske gener. U5b1b1-funnet er like gyldig i dag som for 20 a°r siden, det er et funn som ikke kan foreldes.»

Professor Thomas skjøner ikkje kva dette skal tyde, og spør om det er ein form for genetisk essensialisme i dette. Vidare: det Ravna kallar det «samiske genet» U5b1b1, er ikkje eit gen i det heile tatt, ifølge Thomas. Det er «ei grein på mtDNA genealogien». Han skjøner heller ikkje kva det skulle vere akkurat med U5b1b1 som fortel noko om kor lenge samane har vore i Fennoskandia.

Professor Ravna seier at eg burde lese artiklane og forstå dei på sjølvstendig grunnlag. Eg er einig, men som humanist har eg dessverre ikkje trening/utdanning til å tolke genetisk forsking på dette nivået. Eg kunne lett ha innbilt meg at eg skjønte innholdet godt nok, men eg ville gått glipp av ulike meiningslag og tolkingar som ein ekspert ville sett med ein gong. Derfor får ho ha meg unnskyldt når det er via professor Thomas eg trekker fram denne nyare studiane om tematikken vi diskuterer, frå tidsskriftet Nature: Lamnidis 2018: «Ancient Fennoscandian genomes reveal origin and spread of Siberian ancestry in Europe».

Angåande eventuell vidare debatt. Professor Thomas er anerkjend for å vere i toppsjiktet innan evolusjonær populasjonsgenetikk og ein verdsleiande ekspert i bruk av datamodellar for å studere genetisk og kulturell variasjon i menneskelege populasjonar, inkludert oldtidspopulasjonar. Han har i fleire tiår publisert store mengder forsking på akkurat dette feltet i dei mest prestisjetunge tidsskrifta. Det tyder sjølvsagt ikkje at alt han seier er rett. Men trass alt: Det er ikkje mange i verda som veit meir enn han om akkurat dette temaet. Eg ser heller ikkje at han skulle ha noko motiv for å snakke ned metoden, bortsett frå at han ikkje fungerer ifølge Thomas. Ein ekstra grunn er at metoden kan brukast til å støtte subjektive agendaer.

Uansett: Eg skal innrømme at det kjennest litt kleint å skyve ein autoritet framføre meg på denne måten. Så om professor Ravna ønsker det, kan debatten fortsette direkte mellom ho og professor Thomas, med meg som mellommann og omsettar.

Morten A. Strøksnes er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis