Debatt

Gaza – eit spørsmål om kjelder

Ruinar i Rafah sør på Gazastripa i desember 2025.
Publisert Sist oppdatert

Det byrjar å demra for meg kvifor eg og Gjerme aldri vil verta samde: Me opererer med fundamentalt ulike kjeldehierarki. I min replikk viser eg til uavhengige undersøkingar frå FN, Universitetet i Uppsala og fagfellevurderte artiklar i The Lancet. Desse stadfestar, med mindre variasjonar, tala frå helsemyndigheitene i Gaza.

Eg kunne vist til fleire studiar. Mellom anna konkluderer ein fagfellevurdert studie publisert i The Lancet i januar 2025 med at dei offisielle tala truleg er for låge.

Gjerme viser inga interesse for dette materialet. I staden viser han til ein artikkel publisert i det amerikanske magasinet Tablet. Det er rimeleg å peika på ein openberr kvalitativ skilnad mellom forsking som overlever fagfellevurdering i The Lancet – eitt av dei mest anerkjende medisinske tidsskrifta i verda – og meiningsjournalistikk i Tablet, eit konservativt og pro-israelsk magasin.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement