Idrett
Gamle og nye tider på isen
Jonsvannet i Trondheim er eit av mange vatn som er eigna til skøyteløp.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
For gamle skeiseentusiastar var redaktørens artikkel «5.58,52» i siste nummer av Dag og Tid, inspirert av Sander Eitrems utrulege nye verdsrekord på 5000 meter på 5.58,52, eit humoristisk tilbakeblikk både på eigne opplevingar som smågut i Førde og på litt av Noregs stordomstid som skeisenasjon. Den tid fjernsyn ikkje fanst, og unge entusiastar sat ved radioapparatet og noterte rundetider for heltane sine på isen. Redaktørens omtale av eigen lite vellukka debut på isen i Førde, minte meg om eigne opplevingar i Jølster i mi ungdomstid.
Ein laurdagskveld i slutten av februar 1950 kunne leiaren av idrettslaget fortelje ungdomar som møttest ved eit gatehjørne på Skei, at isen på Skrevatnet, rett nedanfor heimen min på Fossheim, ville eigne seg godt for offisiell konkurranse dagen etter.
Men då Olav storebror og eg vakna søndag morgon, hadde det falle minst 20 cm snø om natta. Kva no? Ikkje noko skeiseløp likevel? Men Olav og eg vart samde om at det fanst ei løysing: Vi to måtte rydde bana, 400 meter i minst 4 meters breidde! Cirka 300 kubikkmeter nysnø! Vi fann reiskapar i fjøs og løe. Det tok nokre timar å gjere bana klar.
Jungeltelegrafen gjekk gjennom indre Jølster, og tilskodarar og konkurrentar strøymde til. Racet kunne ta til utpå dagen, 500 og 1500 meter med tidtaking.
Olav og eg hadde skeiser som vi batt fast under beksaumarane. Nokre timars snømoking kombinert med meir enn eitt kilo tunge sko med skeise på kvar fot, var krevjande å stille i konkurranse med. Det fekk greie seg med 500 meter. Men vi var trass alt bondegutar, 14 og 17 år gamle, som var vane med tungt arbeid. Vi kunne tole litt dugnad.
I skuledagane på Firda gymnas, då isen la seg trygg på Gloppefjorden, opplevde eg å kunne gå på skeiser utover fjorden eit godt stykke, og skeise innover att, langsmed passasjerbåten «Sunnfjord» som brøytte seg veg til kai.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.