Gå til høgre!
Folk går både til høgre og venstre i Torggata i Oslo.
Foto: Lise Åserud / NTB
Med 35 års erfaring som dagleg jobb-syklist meiner eg å ha solid empiri for denne konklusjonen
Takk til Dag og Tid for å reisa eit av dei brennande spørsmåla i tida, endåtil på leiarplass: Kva side av gang- og sykkelstiar skal fotgjengarar gå på.
Vonbrotet var derfor stort då det viste seg at avisa kom opp med feil svar (jf. førre vekes leiarartikkel «Gå til venstre»). På gang- og sykkelstiar bør fotgjengarar sjølvsagt gå på same side som all annan trafikk, nemleg til høgre.
Med 35 års erfaring som dagleg jobb-syklist meiner eg å ha solid empiri for denne konklusjonen. For å ta det mest elementære først. På eit avgrensa areal (gang- og sykkelstiar er sjeldan særleg breie) bør all rørsle mest mogleg gå føre seg i same retning, og i Noreg bevegar me oss for det meste til høgre. Referansen til bilveg, der fotgjengarar faktisk bør gå til venstre, har likevel avgrensa tyding for gang- og sykkelstiar.
Forholdet mellom gåande og syklistar er eit heilt anna enn mellom gåande og bilar. Ein syklist bevegar seg raskare enn ein gåande, men ikkje alltid veldig mykje raskare. Ein syklist kan eksempelvis bremsa ned bak ein gåande viss det skulle vera nødvendig å venta til det er klar bane for å kunna passera. Tenk berre ein augneblink over kor komplett ulogisk det ville vera om fotgjengaren var på motsett kurs av syklisten: begge måtte då til slutt stoppa heilt opp, alternativt ein av dei flytta seg ut av gang- og sykkelstien, noko som vel verken er ønskjeleg eller alltid mogleg.
Og til nytta av å kunna sjå møtande trafikk: Eg går ut frå at det er hovudargumentet for å gå til venstre. Men det føreset at fotgjengarane faktisk har merksemda vend mot omgivnadene. Det har dei ikkje. Som sjølv ei kursorisk undersøking av røyndommen på gang- og sykkelstiane vil avsløra, har ein stor og aukande del av fotgjengarane blikket festa ein heilt annan stad, nærare bestemt på mobiltelefonen. (Dette er ikkje tull! For dei som tviler – ta ein tur ut og sjekk sjølv.)
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.