Funne batteri til kalkulator

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Aslak Skancke i Etikkrådet til Oljefondet er ikkje nøgd med måten eg rekna på verdien av Lockheed Martin som lagar F-35 flya våre (Dag og Tid 6. mai). Han meiner at Oljefondet knapt har tapt ei krone på ikkje å investera i Lockheed Martin.

Det vi veit, er at Oljefondet gjekk ut av aksjen i 2005. Etter det har han gått opp langt meir enn indeksen over store amerikanske selskap, som no er verde 3,5 gonger meir enn då Oljefondet gjekk ut av Lockheed Martin. No er Lockheed Martin-aksjar nesten 9 gonger så mykje verde som i 2005. Skancke vil ha meg til å tru at vi ikkje har tapt noko på å gå ut. Eg held fast på mitt syn om at vi har tapt.

Klart det er problem med mitt kjappe reknestykke, som eg vedgår var litt vel polemisk. Det er likevel ikkje tvil om at vi kunne ha finansiert flyet gjennom aksjekjøp i Lockheed Martin.

Det største problemet med reknestykket mitt er at det er hypotetisk, sidan vi ikkje veit kva leiinga i Oljefondet hadde gjort om dei kunne ha halde fram med å investera i selskapet. Hadde til dømes Oljefondet kjøpt maksimalt av det det har lov til å kjøpa i eit selskap, 10 prosent, hadde vi hatt verdiar for 115 milliardar i selskapet, det aller meste avkasting og utbyte.

No trur eg ikkje at Oljefondet hadde investert så mykje, sidan det i hovudsak skal investera indeksnært. Så lat oss heller gå ut ifrå at det hadde halde fram med å investera gradvis meir, som før Lockheed Martin vart kasta ut. Då hadde eigardelen i dag vore på litt under 2 prosent og vore verd 20 milliardar.

Vi skal ha flyet i 40 år til, og eg reknar slik som Oljefondet, som seier at statsbudsjettet fortløpande vert finansiert via kontantstraumen frå oljen og gassen og ikkje via avkasting på investeringar. Eg går også ut ifrå at vi ikkje hadde kjøpt nye aksjar etter i år.

Vi legg til grunn 7 prosent årleg avkasting i form av kursoppgang og utbyte. Det er mykje mindre enn det Lockheed Martin har gått opp med sidan Oljefondet gjekk ut, men omtrent det dei amerikanske børsane har gjeve i gjennomsnittleg avkasting dei siste 120 åra.

Etter ti år er verdien 40 milliardar, etter 20 år 80 milliardar, etter 30 år 160 milliardar og endeleg etter 40 år, når vi skal skrota flyet, 320 milliardar. Då er vi i mål, og flyet hadde vore nokolunde sjølvfinansiert.

Hadde vi berre hatt 1 prosent, som er gjennomsnittsinvesteringa til Oljefondet i børsnoterte amerikanske selskap, ville verdien vore på 184 milliardar etter 40 år. Eg vedgår at vi då ikkje hadde vore i mål. Men tenk kva vi kunne ha kjøpt av forsvarssystem om vi verkeleg hadde satsa på selskapet.

Elles meiner eg at dobbeltmoralen bør taka slutt. Vi er ein del av Natos atomparaply, som vi via Oljefondet fornektar, og det samstundes som vi kjøper fly frå Lockheed Martin, som er med på å laga paraplyen som vi altså er ein del av.

Det heng ikkje i hop og gjev eit signal til USA om at vi ikkje er til å lita på. Norske pengar kan ikkje gå både til å forsvara oss og til ikkje å gjera det.