Arkivverket
Fulltreffar frå Landro
Riksarkivar Inga Bolstad fotografert i riksarkivbygningen ved Sognsvann i Oslo.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
I Dag og Tid 13. august sette Jan H. Landro ord på uroa over utviklinga i Arkivverket, ei uro mange brukarar og tilsette lenge har kjent på. Riksarkivar Inga Bolstad kalla kritikken ein «skivebom». Erfaringane mine frå Statsarkivet på Kongsberg (SAKO) syner at uroa er reell.
I november 2014 feira Statsarkivet på Kongsberg (SAKO) 20 års verksemd med eit jubileumsseminar. Den nytilsette riksarkivaren var sjølvsagt heidersgjest. Eg heldt foredrag om bruk av kjelder i forskingsprosjektet mitt. Eg kan ikkje hugse at heidersgjesten løfta blikket frå mobiltelefonen ein einaste gong under foredraget, men eg kan hugse feil. Mogleg låg temaet utanfor interessefeltet. Det kan òg vere at formidlingsevna mi var utilstrekkeleg.
Som fast brukar av SAKO i over 20 år har eg vore vitne til ei systematisk nedbygging. I 2014 var det 12–15 tilsette, og lesesalen var open fem dagar i veka, inkludert to langdagar. I dag er det fire tilsette og éin opningsdag i veka. Berre Stavanger har framleis fem opningsdagar. Alle statsarkiv stengjer i feriar.
Når opningstidene vert kutta, går talet på vitjingar ned – ein negativ spiral som vert nytta som argument for ytterlegare reduksjonar. Snart kan lesesalane like gjerne stengjast?
Riksarkivar Inga Bolstad vart tilsett for å leie omstillingar. Det har ho gjort ved å redusere den arkivfaglege kompetansen.
Spørsmålet er kor vellukka omstillinga har vore.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.