Kronikk

Frå Trondenes seminar til Institutt for lærarutdanning

I 2026 er det jubileum for den første offentlege lærarutdanninga i Noreg. Ho vart sett i gang for 200 år sidan på Trondenes utanfor Harstad, og namnet var Trondenes seminar.  

Trondenes seminar utanfor Harstad.
Publisert

At den første lærarutdanninga i Noreg starta i nord, åtte år før Asker seminar, hadde ei spesiell årsak. Etter 1814 stod nasjonsbygging sentralt i Noreg. Blant dei tidlegaste utdanningsspørsmåla som kom opp på Stortinget i 1815–1816, var grunnleggjande utdanning for barn og unge. Ein kontinuerleg debatt gjekk føre seg på Stortinget. Arbeidet med skolelovgiving for allmugeskolen, etablering av skolelærarutdanning og lærarinstruks gjekk hand i hand. Debatten heldt fram i 1824 og 1827, då lova om allmugeskole på landet vart vedteken. Drøftingane på Stortinget omhandla betydinga av ein nasjonal plan når det gjaldt regionale planar, betydinga av religion i skolen, det faglege innhaldet i skolen, tilhøvet mellom stat og kyrkje, finansieringa av skolen og spørsmålet om omgangsskolar eller faste skolar.

Arbeidet for utbygging av skolevesenet vart aktualisert gjennom innsatsen til ei rekkje sentrale aktørar. Danskfødde Peter Vogelius Deinboll var ein av dei. Han kom som sokneprest til Vadsø i 1816, vart prost der og Finnmarkens representant til Stortinget i 1821 og 1824. Der engasjerte han seg i skolespørsmål. Dei synspunkta han stod for, fekk gjennomslag, mellom anna vart allmugeskolelova av 1827 ein rammeplan som gjaldt nasjonalt.

Kravet om etablering av lærarutdanning kom tydeleg fram på Stortinget under forarbeidet til skolelova. Det var naudsynt å utdanne lærarar som skulle verke i allmugeskolen. Deinboll var mellom pådrivarane for utbygging av nasjonalt skolevesen. Samstundes såg han spesielle utfordringar knytte til dei språklege tilhøva nord i landet. Det var turvande med lærarar som kunne undervise både på samisk og kvensk. Han la fram forslag om å etablere eit lærarseminar i nordlege del av landet i 1821. Men det var finansiering som til sjuande og sist gjorde at lærarutdanninga hamna i nord. 

Deinboll kjende til at det fanst økonomiske midlar: Eit fond øyremerkt utdanning av misjonærar, lærarar og kateketar med virke blant den samiske befolkninga i Nordland og Finnmark, stod att etter at misjonen hadde teke slutt i 1774. Forslaget til Deinboll vann fram, og lokalisering på Trondenes vart vedteken i 1824.

Trondenes seminar vart etablert 7. februar 1826. Presten i Trondenes, Simon Kildal, vart tilsett som styrar og førstelærar, medan samiske Nils Gundersen vart andrelærar. Føresetnaden var at det kvart år skulle takast opp ni seminaristar frå bispedømmet. Aust-Finnmark og Vest-Finnmark skulle sende to kvar, ein frå dei samiske familiane og ein frå dei norske i kvart prosti. I tillegg var det plass til ein seminarist frå kvart av prostia Tromsø, Senja, Vesterålen, Salten og Helgeland. 

Heilt frå byrjinga av vart innhaldet i undervisninga og praktiske øvingar diskuterte. Religiøse og moralske aspekt vart vektlagde. Faga var religion, kateketikk, norsk språk og grammatikk, skriving og rekning. I tillegg vart det undervist i samisk for dei samiske seminaristane og for dei norske som kunne vente tilsetting i samiske distrikt. Nils Gundersen var ansvarleg for undervisning i samisk. Gundersen hadde få skriftlege hjelpemiddel å støtte seg til og baserte den samiske undervisninga på munnleg formidling og munnleg språktrening.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement