I språkspalta si i Dag og Tid nr. 15 tar Kristin Fridtun for seg omgrepet lukt. Dette emnet har vorte meir omsnakka og omskrive etter covidpandemien, også i Dag og Tid, sist i ein artikkel av Niels Christian Stenklev i nr. 14. Det er jamvel komme ut ei særskild bok om luktesansen i 2022, skriven av Margit Walsø. Fridtun avgrensar seg til dei språklege sidene ved ordet lukt, men det kan seiast meir om det. Eg går litt vidare i dette sporet her; det er ikkje minst interessant å sjå språkbruken om luktesansen i samanheng med det vi kan kalle sansespråket meir allment.
Som Fridtun skriv, er lukt same ordet som luft. Det kjem frå lågtysk og nederlandsk, der ordet for luft er lucht. Verbet lukta finst i sein gammalnorsk, og i mange norske målføre, særleg på Vestlandet med Bergen som sentrum, er lukt og lukte nytta i tydingane luft og lufte. Egil Pettersen gav i 1991 ut Bergensordboken, og der har han mange døme på dette: «Så får vi skrike, så lenge naturen gjer oss lokt i lungene.» «E’kje lerken en fuggel så flyger høgt oppi lokten, å slår triller?»
I Gudbrandsdalen, på Hedmarka og i andre innlandsområde er derimot luft og lufte nytta i tydingane lukt og lukte; såleis skriv Prøysen: «je er så svett så det lufte steikt flæsk.»
Fridtun går inn på bruken av verbet lukte, men det kan gjerast meir systematisk. Dette verbet har ei dobbelttyding. Det tyder både ‘gi frå seg lukt’ (Rosene luktar herleg!) og ‘kjenne lukt’ (Eg lukta røyk der inne). Det blir like eins som med smak: Maten smaker godt vs. Eg vil gjerne smake.
Ser ein dette i samanheng med andre sanseverb, kan ein sjå ei «rangordning» mellom sansane i vår vanlege måte å tenke på. Eg trur det er ei ganske universell oppfatning hos oss alle at synet er den viktigaste sansen, sjølve «hovudsansen». Attmed, eller rett bak, kjem høyrsla, ein «hovudsans» nr. 2. Dei tre andre sansane – lukt, smak og kjensle – vil bli gruppert bak desse to. Rekkefølgja dei imellom kan kanskje skifte, jf. tittelen Din femte sans på Margit Walsø si bok om luktesansen. Det kan antyde at kjenslesansen også har status som ein slags «hovudsans», kanskje på tredjeplass? Eit viktig signal om denne rangordninga er det faktumet at orda blind og dauv/døv (i talemålet ofte dauvhøyrt for å unngå samanblanding med daud/død) er svært vanlege i språket, mens det ikkje finst tilsvarande ord for dei som manglar luktesans. (Eg er sjølv ein av dei, men det hindrar ikkje at ein kan tileigne seg språkbruken kring sansen ut frå det ein høyrer rundt seg.)
Men vi kan òg sjå teikn på denne rangordninga i dei ulike måtane vi bruker sanseverba på.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.