JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Eg luktar, altså er eg

Pasientar fortel ofte om kraftig redusert livskvalitet om dei misser luktesansen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ben Whishaw (Jean-Baptiste Grenouille) og Rachel Hurd Wood (Laura) i filmen Parfymen – historien om en morder frå 2006.    Foto: Constantin Film

6935
20230331
6935
20230331

Nasen er så mangt. Identitetsmarkør, snottprodusent og første haldeplass for det livgjevande oksygenet som skal halde kroppen gåande. Hovudmistenkt, men ikkje alltid skuldig, for desibelterrorisme nattetid. Og altså sete for luktesansen.

Kva vi skal med luktesansen? Finne mat og vurdere om han er etande. Kjenne att predatorar eller andre truslar i miljøet, som brann eller røyk. Finne ein passeleg partnar. Luktesansen held til øvst i naseholrommet, oppunder skalletaket som her er særleg tynt. På ei overflate på berre 2,5 kvadratcentimeter på kvar side sit totalt 50 millionar sanseceller av 400 skilde kategoriar.

Odorantar

Desse reseptorane, som er utskiftbare med ei omløpstid på rundt 40 dagar, kan kjenne att tusenvis av skilde luktmolekyl. Eller odorantar, som det heiter på fint. Det held med ein homøopatisk luftkonsentrasjon av ein odorant (trilliondelsnivå) for å oppnå respons hjå den rette reseptoren.

Herifrå blir informasjonen transportert opp i hjernen til lukte­kolben og vidare inn til det limbiske systemet, ei gruppe urgamle hjernestrukturar som ein meiner har kontroll med stemningsnivå, minne, åtferd og kjensler.

Feromon

Det er meir. I nasen finn vi òg vomeronasalorganet. Eller Jacobsons organ. Dette er eit slags hjelpeorgan for sjølve lukteorganet, men er spesialisert slik at det kan identifisere art, kjønn og identitet hjå andre dyr. Vomeronasalorganet ligg lenger ned i nasen, på skiljeveggen og nokre gonger i munnen, og er livsviktig hjå insekt, gnagarar og reptil.

Det er verdt å merke seg at vomeronasalorganet responderer på eit slag dufthormon, feromon. Organet er òg funne hjå menneske, men om det har fysiologisk relevans hjå oss, kranglar dei lærde om. Det har vore spekulert i om dette organet er ansvarleg for at kvinner som oppheld seg lenge på same stad, får synkronisert menstruasjonssyklus, men førekomsten av slik synkronisering er òg ein hypotese som ikkje er bekrefta, heller det motsette.

Val av partnar

Nokre meiner at feromon er ansvarlege for val av partnar, også hos menneske. I same lei fryktar nokre at den utbreidde bruken av hormonell prevensjon kan gjere at vi i moderne tid vel feil partnar på grunn av feiltolking av feromonsignal.

Her tar vi oss tid til ei avsporing. I yngre dagar avtente eg verneplikta ved ei spesialavdeling i Hæren. Ikkje til å unngå at eg til tider vart eksponert for eit noko selektert utval av kulørt veke- og månadspresse, og like uunngåeleg å merke seg annonsane i engelskspråklege publikasjonar for aldersrelevante produkt som feromon på postordre. Ingen netthandel den gongen, altså.

Feromona kom i to kategoriar: éin som skulle tiltrekkje partnarar (kvinner), og éin som skulle støyte bort konkurrentar (menn). I dei dagar heldt vi oss med to kjønn. Eg tinga førstnemnde vedunderhormon, og etter nokre veker var eg håpefull og lukkeleg eigar av ein liten flakong med tiltrekkjande feromon.

I ettertid er eg noko usikker på effekten på det motsette kjønnet, men ein kveld eg skulle på byen med ein kompis, var bikkja hans til stades, og reagerte med hysterisk panikk då eg påførte meg vedundermiddelet. Det var ei hannbikkje, elghund. Hadde dei sendt meg feil feromon?

Verknaden av dufter

Nok om det. Det er velkjent at dufter er knytte til kjensler og minne, og vi meiner at denne prosessen går føre seg i det limbiske systemet. Her kan nemnast filmklassikarar som Duften av kvinne (1992), der Al Pacino spelar blind aldrande psykopat «slæsj» god på botnen, og der luktesansen hans tener til å kompensere for alle dei andre tapa han har gått på, eller Parfymen – historien om ein morder (2006), der hovudpersonen, som har verdas beste luktesans, ikkje skyr nettopp seriedrap (på vakre jomfruer, sjølvsagt) for å nytte lekamane til å framstille verdas beste parfyme, med magisk og skremmande verknad.

Flatt utan lukt

Ute i den medisinske røynda fortel pasientar ofte om kraftig redusert livskvalitet om dei misser luktesansen. Det er noko som vantar, tilværet blir flatt. Komplett tap av luktesansen (anosmi) er ikkje uvanleg, årsaka er oftast infeksjon i ei eller anna form.

Virus kan påverke luktecellene direkte, som ved covid-19. Meir vanleg er det nok at slimhinner i nasen svulnar under infeksjon og hindrar odorantar i å nå fram til reseptorane. Dette kan ein òg sjå ved kroniske biholetilstandar med eller utan polyppar. Enkelte medikament, som antibiotika eller kolesterolsenkande medisinar, kan gje problem med luktesansen.

Dysosmi tyder «endra luktesans», til det ubehagelege. Også dette kan kome av infeksjonar, medikamentbruk eller sjukdom og skader i nervesystemet. Her må nemnast at nedsett eller endra luktesans òg kan vere eit tidleg varsels-
symptom ved Parkinsons eller Alzheimers sjukdom. Symptom som gjeld lukt- eller smakssans, har ikkje vore høgt prioriterte i helsevesenet vårt, behandlingstilboda har vore få og diagnostikken lite inngåande.

Dette kan vere i endring etter covid-19-pandemien, men om fattige helseføretak vel å finansiere eit auka behandlingstilbod til anosmikarane, gjenstår å sjå. Her må nemnast at komplett og varig tap av luktesansen gjev ein medisinsk invaliditet på berre 5 prosent etter departementale tabellar for slikt.

Kva kan gjerast?

Om luktesansen er tapt, kan noko gjerast? Første bod er diagnostikk. Nasen må undersøkjast, og helst med endoskop. Røntgenundersøkingar må til, datatomografi (CT) eller magnettomografi (MR) eller både òg.

Der finst spesielle diagnostiske luktetestar som òg høyrer heime i ei komplett utgreiing, til liks med orienterande nevrologiske undersøkingar. Nasens biholer og holrom må sanerast for obstruerande prosessar, om mogleg. Her kan ein nytte både kirurgiske og medikamentelle tiltak. I ein del av tilfella kjem ein ikkje vidare med desse tiltaka, eller ein finn ikkje noka definert årsak til svekt luktesans.

Luktetrening

Då står vi att med luktetrening. Ja, luktesansen kan trenast. Etter første bølgja i covid-19-pandemien vart det brått ein stor marknad for luktetrening, og ein initiativrik legestudent i Tromsø starta nettsal av eit utval odorantar til heimetrening. Seinare har det vakse fram fleire tilbod i offentleg og privat regi.

Her må ein ha lov å nemne eit underhaldande forsøk frå universitetet i Berkeley i 2006, der ein undersøkte om menneske kunne trenast til å snuse etter spor med å etterlikne teknikken som blir nytta av sporhundar. Det kunne dei! Hundar har som kjent ein million gonger så god luktesans som oss.

Studien er offentleggjord i Nature Neuroscience, med ein ditto underhaldande video som no er tilgjengeleg på YouTube. Neppe ei løysing på anosmiproblema etter pandemien, men for den nyfikne kan dette vere eit interessant eksperiment til heimebruk, om ein no skulle ha tid og overskot til slikt.

Niels Christian Stenklev

Niels Christian Stenklev er dr.med. og spesialist i øyre-nase-hals-sjukdommar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis