Fotballkampar, ikkje distriktspolitikk, vert vunne med mål
Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.
Foto: Agnar Kaarbø
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Samfunn
Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik gjer i eitt innlegg her i spaltene 30. juni ei snedig finte når han angrip meg for å gå rett i offside – i staden for, slik han skulle ynskt, å spele på lag med tiltaka han presenterte i distriktsmeldinga nyleg. Men han gjer vel i å hugse at ein god lagspelar ikkje durar av garde etter eige forgodtbefinnande, men lyttar til kva andre på laget har å kome med.
I staden for å møte meg med argument for kvifor Demografiutvalet sitt poeng om å ikkje ha vekst, men derimot kvalitet som mål for eit Distrikts-Noreg som fungerer godt i det små, legg Gjelsvik i veg med dei same poenga han kom med då han la fram meldinga i ein kommune som han heilt riktig peikar på har både optimisme og framtidstru.
Vi er mange slike bygder. I den eg bur, Holmedal i Askvoll kommune i Sunnfjord, kjem det til å byrje eit rekordstort kull på skulen etter sommaren. Tretten born skal starte skulegangen sin på Holmedal Montessoriskule – så mange har det knapt vore før, og så mange kjem det truleg til å gå mange år til det vert igjen.
Sjølvsagt gler vi oss over det store barnetilfanget. Men om det byrjar åtte born på skulen i 2024, vil vi gjerne gle oss like mykje over dei – og ikkje minst det faktum at dei kjem til å få sju år på ein trygg og særs god skule – utan å kjenne oss mislukka fordi barnetalet er førti prosent lågare enn året før. Når forholda er små, vert dei talmessige utslaga gjerne store – og eg trur at ein eller annan stad er Gjelsvik samd med meg i at Distrikts-Noreg er altfor godt til å berre målast i slike tal.
Så kan Gjelsvik, om han vil, kontre med at meldinga jo sjølvsagt er mykje meir, og det har han jo rett i – og her kunne eg valt å opne diskusjonen kring fleire konkrete tiltak eg er usamd i – men eg skal late det vere. For det er jo også slik at få ting ville gjort meg gladare enn meir desentralisert og yrkesretta høgare utdanning eller eit grønt skifte som faktisk klarte å balansere uttak av naturressursar med å kunne bu i nærleiken av dei. Men særleg når det gjeld det siste, må vi diverre vere samde om at vi er ganske langt unna å finne ei løysing. Kanskje så langt unna at vi må sjå oss om etter ho i eit anna paradigme. Til dømes eit som ikkje byrjar og sluttar med vekst. Kunne ministeren vere interessert i å trille litt ball kring noko slikt, skal tru?
Siri Helle er fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Abid Raja er advokat og Venstre- politikar.
Foto: Lina Hindrum
Det trugande utanforskapet
På sitt beste er Vår ære og vår frykt historia om ei integrering på retur og ei kraftig åtvaring om kva som kan skje som følgje av det.
Fargerikt om tolsemd
Me får garantert høyra meir til komponisten Eilertsen.
Birger Emanuelsen har skrive både romanar, essay og sakprosa etter debuten i 2012.
Foto: Christopher Helberg
Endringar til godt og vondt
Birger Emanuelsen skriv om folk slik at ein trur på det.
Me drog til månen av di det var teknologisk mogleg. Eit strålande døme på det teknologiske imperativet. Her vandrar astronaut Buzz Aldrin frå Apollo 11 rundt og les sjekklista si på venstre arm på ekte ingeniørvis.
Kjelde: Nasa
Teknologisk imperativ!
«Birkebeinerne på ski over fjellet med kongsbarnet».
Foto: Morten Henden Aamot
Eit ikonisk stykke kunst er kome heim
Medan gode krefter arbeider for å etablere eit museum for kunstnarbrørne Bergslien på Voss, har den lokale sparebanken sikra seg ein originalversjon av eit hovudverk av målaren Knud Bergslien.