Ordskifte
Fortrolla forventningar
Jotun og Vakre i Troll 2. Handout.
Einar Martinsen / NTB
Kva hadde eigentleg Brit Aksnes forventa seg av Netflix si satsing på norske troll? Ut frå meldinga i Dag og Tid 5. desember har ho i alle fall trygt definert seg sjølv bort som publikumsmål for filmen. Ho meiner det blir for mykje føleri og for lite logikk og for mykje anakronisme i filmen. (Trollmors voggevise var ikkje funnen opp då trollet gjekk i dvale, må vite.)
Og dei trolske eigenskapane med både menneskelege trekk, urfolkstatus og samstundes monster er tydelegvis «rotete, lettvint og lite gjennomtenkt». Har ikkje meldaren fått med seg at filmen handlar om troll? Trolla i norsk folklore har jo alt dette. Dei er kjenslevare og gjenkjennelege i sin natur, dei er definitivt ein del av urfolket vårt, mytologisk sett, og krafta deira har aldri vore omstridd. Kvar kjem indignasjonen frå? Det kan då vel ikkje vere kronologien som får heile lasset til å velte? Hard panneklask.
Troll 2 slår til med Trondheim, Nidarosdomen og Olavs grav, og folkloren når dermed nye høgder. Absurditeten i at Heilag-Olav skulle vere både mot- og forkjempar for trolla sin plass i riket, er jo berre herleg krydder i den filmatiske fridomen som pregar verket.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.