Film

O ai ai ai ai huff

Troll 2 hadde ikkje måtta bli så toskete.

Endå eit troll har vakna – i filmen til Roar Uthaug som nyleg blei lansert.
Publisert

Etter at sjølvaste Dovregubben måtte bøta med livet, har trollekspert Nora Tidemann (Wilmann) trekt seg unna samfunnet. Men då tidlegare kollega Andreas (Falck) fortel at på Vemork kraftstasjon skjuler nok eit troll seg, under superhemmeleg, statleg oppsyn, må ho nesten sjå det med eigne auge.

På null komma svisj vaknar risen, og denne gongen skal kristninga av Noreg hemnast, for far til Nora hadde ein teori om at det var Olav den heilage som utrydda trolla for godt.

Ufarlege troll

«Ikkje tenk, berre føl», seier Nora, som forklaring til dei andre ekspertane om korleis ho kommuniserer med trolla. Det er freistande å tru at det er slik manusforfattar og regissør Roar Uthaug og medforfattar Espen Aukan har jobba med oppfølgjaren til Troll (2022). Og korleis skal ein trass alt følgja opp ein Netflix-suksess utan norsk sidestykke?

Fyrstefilmen funka greitt, trass i same utruverdige trolling, men han var i det minste bygd på ein katastrofeformel som funka. Det var snev av spenning og ikkje minst oppbygging mot spenninga. Korleis kom Dovregubben til å sjå ut? Korleis kom folka til å reagera? Korleis kom trolla til å oppføra seg? I motsetning til Trolljegeren (2010) vart alt vist fram, men utan stemninga som gjorde at denne var langt skumlare. Du skal leita med lupe etter noko skummelt i Troll 2.

Tenke føle

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement