Klima
Fornybart betyr sjølvstende
Ein gardsbygning med solcellepanel.
Foto: Geir Olsen / NTB
I eit intervju om Iran-krigen og olja som ikkje kjem ut frå Hormuzsundet, seier professor i petroleumsøkonomi Ole Gunnar Austvik ( Dag og Tid 13. mars ) at «verda er ikkje mindre avhengig av fossil energi enn ho var i 1970-åra». Han seier òg at fornybar energi er dyr, og at fornybar energi berre kjem i tillegg til den fossile energien – han erstattar han ikkje.
Her og no er ikkje denne typen forteljing direkte usann, men ho må likevel oppdaterast. Det stemmer at olje, kol og gass dominerer i dag, men globalt blir det no investert dobbelt så mykje i fornybar energi som i fossil energi.
På eit tidspunkt i historia var det slik at vi var heilt avhengige av fasttelefonar. Samstundes hadde utviklinga mot smarttelefonar og mobilnett skote fart. I starten var mobilane svære og forferdeleg dyre, men etter kvart vart dei allemannseige. Den same forteljinga ser vi innan fornybar energi. Prisen på solceller og batteri er no mindre enn 1 prosent av prisen dei hadde på 1980-talet. Det kan likevel vere dyrt å kjøpe inn solcellepanel og batteri, men når du først har dei, får du billeg straum.
I 2024 innførte Etiopia forbod mot import av fossilbilar, og to år etter er 6 prosent av alle bilane i Etiopia elbilar. Det kan verke lite for oss i Noreg – her er kvar tredje bil ein elbil – men på verdsbasis utgjer elbilar førebels berre 4 prosent av alle personbilar. Ting kan endre seg raskt, i rykk og napp. Som forfattaren William Gibson har sagt: «Framtida er her alt. Ho er berre ujamt fordelt.»
I EU-kommisjonen diskuterer leiarane om EUs grøne giv (Green Deal) skal døypast om til uavhengigheitsgiven (Freedom Deal). EU vil bort frå å vere avhengig av importert olje og gass – og heller ha fridomsenergi: heimelaga, fornybar energi. I fjor var det første året der fornybar energi gjekk forbi fossil energi i EUs straumproduksjon.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.